Assist - vår nye Bronsefalk!

Assist og Falkeid skreiv i dag ei 4-årig samarbeidsavtale som trer i kraft frå 2019. Vår framoverlente Bronsefalk, syner frå første samtale stor samarbeidsvilje og vil allereie innan jul få på plass informasjonsskjerm på klubbhuset, som ein del av avtala. Assist har ein tydleg plan for alt dei held på med, og har allereie drege i trådar som gjer at vi snart også kan signere endå ei samarbeidsavtale. Assist vil frå i dag av, vere ei hjelpande hand for idrettslaget, våre medlemmer og ikkje minst i arbeidet med å synleggjere våre samarbeidspartnerar på vår nye infoskjerm, og med ytterlegare 3 infoskjermar i Falkeidhallen! Opne nyheittsaken for å les intervjuet med med klokkeklare leiaren i verksemda, James Persson.

For dei som ikkje kjenner dykk, kven er de og kva tenestar leverer de?

Vi leverer officeprodukter, printerar, display og tele. Kundane våre er primært verksemder på Haugalandet, sekundert privatpersonar.

Assist er definisjonen på ei hjelpande hand, så spør oss gjerne om korleis vi kan jobbe saman for å utvikle kvarandre.

Hos oss, er alle brennande egasjert og opptekne av fotball. Alle unnatt ein som heiar på Arsenal, seier James med eit lurt smil om munnen og eit skråblikk bort på ein kollega.


Ønkjer di verksemd ei annonse på FIL-sin nye informasjonsskjerm, men manglar annonse? Ta kontakt med johannes@assist eller på 928 99 910, så fiksar dei dette!

Her er eit eksempel på digital skilting: https://www.facebook.com/assisthaugesund/photos/a....

Les meir om vår nye samarbeidspartner på assist.no


Kva inntrykk har de av Falkeid?

Vårt inntrykk er at Falkeid er samlande, og er den mest perfekte distriktsklubben i Norge. Det er store ord, men de dannar eit godt bilete av kva som skal til for å lukkast. Og det er at de har mange frivillige som stiller opp for klubben over tid. Kontinuitetsbærerar som har eigarskap til det å vere engasjert i klubben. Slike som Narve Susort, seier James, som leiar Falkeidhallprosjektet, og som eg møter på stadion som frivillig, men også i buisness-to-buisness gjennom FKH.


Kva er dykkar motivasjon for å støtte det frivillige arbeid i Falkeid?

I vårt verdigrunnlag, står det at "Kan vi, så skal vi". Dette står vi for, så når de er i gang med eit kjempeprosjekt som Falkeidhallen, så skal vi sjølvsagt bidra med det vi kan.

Ein anna motivasjonsfaktor, er at dei de har på treningsfeltet kvar dag, dei er våre framtidige kundar og tilsette.


Takk for praten, James, vi ser fram til godt samarbeid i åra framover!


Generalpartnerane

Gull- og sølvpartnerar

Medlemskontigent 2017

 
Medlemskontingent 2018
Takk for din støtte!
Ubetalt beløp (ca): 31438
Ubetalt antall: 113
Betalt beløp: 115450
Betalt antall: 390
 

Øvrige samarbeidspartnerar

Medlemsinformasjon

Kontortid dagleg leiar

Kontortid dagleg leiar:

Veke 49 (3 - 7 desember)

Måndag: 9.30-14.30

Tysdag: 9.30-14.30

Onsdag: Ute i møter, heile dagen

Torsdag: 9.30-14.30

Fredag: 9.30-14.30

Veke 50 (10 - 14 desember)

Måndag: 9.30-14.30

Tysdag: 9.30-14.30

Onsdag: 9.30-14.30

Torsdag: 9.30-14.30

Fredag: 9.30-14.30

Spørsmål? Kontakt rett vedkommande i Falkeid, trykk her for å finne rett kontaktperson.

Mange spørsmål kan besvarast ved å slå opp i Klubbhandboka

Falkeid IL arrangerer:

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift