Nyhetsarkiv
14.12.2018 Nå begynner eventyret- vi bygger Falkeidhallen!
Falkeid Idrettslag har gleden av å invitere til første spadestikk på vår nye storstue, Falkeidhallen, tirsdag 18. desember kl. 14.30. Møtested: parkeringsplassen ved Falkeid idrettshus. Adresse: Tysværvågvegen 597, 5565 TYSVÆRVÅG
Mikael Benjamin Myklebust
03.12.2018 Falkeid IL sin julebasar 2018 er allereie historie
Takk til alle medbygdingar som tok turen laurdag 2. desember 2018 til Falkeid IL sin julebasar.
Gro Sørensen
30.11.2018 Tonjer Skilt- no med som Bronsefalk!
Dei siste 3 åra, har det dukka opp nye sponsorveggar, flotte roll-upar og diverse materiell frå vår gode samarbeidspartner Tonjer Skilt. Denne veka, skreiv vi ny 3-årig avtale med skiltleverandøren på Haugalandet, som dobla innsatsen, og er med som Bronsefalk frå 2019!
Mikael Benjamin Myklebust
28.11.2018 Falkeid IL sin julebasar lørdag 1. desember 2018
Årets julebasar blir hold på Falkeid-huset lørdag 1. desember 2018 kl. 12.00 - 15.30.
Gro Sørensen
16.11.2018 Informasjonsmøte om bygging av Falkeidhallen onsdag 21. november 2018
Vi byggjer hall. Det blir halde informasjonsmøte for Falkeid IL sine medlemmer om byggjing av Falkeidhallen på idrettshuset onsdag 21. november 2018 kl. 20.00.
Gro Sørensen
15.11.2018 Kompispris 2018 - Fotball
Hedda Stokkenes,Jenter 14 og Even Gismarvik, Guttar 13 er tildelt årets "Kompis 2018" pokal
Helga Haugsnes Borgen
15.11.2018 Pokalfest - Fotball barn og ungdom sesong 2018
Tysdag og Onsdag denne veka var det Pokalfest for barn og ungdomsavdelinga til Falkeid IL.
Helga Haugsnes Borgen
09.11.2018 Wee - no med som Falk!
Wee Gruppen, har i mangfoldige år vert med som sponsor i Falkeid, no ønskjer dei å ta steget opp, og vil frå 2019 verte profilert som Falk. Med dette, vert dei synlege på informasjonskjermen vår, samt med skilt i Falkeidhallen. Trykk deg inn i nyheitssaken for å lese intervjuet med Roger Wee, som er dagleg leiar i Wee Gruppen. Sjekk også ut nettbuttikken deira og videoen som vil syne på informasjonskjermen vår.
Mikael Benjamin Myklebust
09.11.2018 Årsmeldingar-Fotball!
Trykk deg inn her for å opne og lese årsmeldingane og sjå bileta frå alle fotballaga våre i 2018!
Mikael Benjamin Myklebust
06.11.2018 Rydding av Falkeidhallen-tomta!
Førstkommande laurdag frå klokka 10 til 18 satsar me på å rydde resten av den nye tomta til Falkeidhallen. Alle som kan være med å bere kvistar og greiner er hjertelig velkomne! Bilete er frå første ryddedugnaden på tomta, mykje er skjedd sidan den gang. Bli med å på å legge siste handa på verket før knausen går i lufta før julefreden senkar seg.
Mikael Benjamin Myklebust
01.11.2018 Assist - vår nye Bronsefalk!
Assist og Falkeid skreiv i dag ei 4-årig samarbeidsavtale som trer i kraft frå 2019. Vår framoverlente Bronsefalk, syner frå første samtale stor samarbeidsvilje og vil allereie innan jul få på plass informasjonsskjerm på klubbhuset, som ein del av avtala. Assist har ein tydleg plan for alt dei held på med, og har allereie drege i trådar som gjer at vi snart også kan signere endå ei samarbeidsavtale. Assist vil frå i dag av, vere ei hjelpande hand for idrettslaget, våre medlemmer og ikkje minst i arbeidet med å synleggjere våre samarbeidspartnerar på vår nye infoskjerm, og med ytterlegare 3 infoskjermar i Falkeidhallen! Opne nyheittsaken for å les intervjuet med med klokkeklare leiaren i verksemda, James Persson.
Mikael Benjamin Myklebust
24.10.2018 Lyst til å bli med på boccia?
Kvar tysdag klokka 12-14 samlast ein herleg gjeng rutinerte bocciaspelarar seg på klubbhuset her på Troppene. Dei samlast for å ete wienerstang, frukt og for å spele boccia. No er dei på leiting etter fleire bocciaspelarar! Bygdanytt kjem med på kjøpet, og dei kan love god opplæring. Bli med då vel, eller tips nokon du kjenner om dette tilbodet. Vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
19.10.2018 Møte for trenere og oppmenn i Falkeid IL handball
Tysdag 23. oktober 2018 kl. 20.00 blir det møte for trenere og oppmenn i handballen for sesongen 2018/2019.
Gro Sørensen
17.10.2018 Oppstart Allidrett i dag!
I dag, onsdag, klokka 17.15 er det oppstart på Falkeid IL sin Allidrett på Tysværvåg skule. ta med drikkeflaske, innesko, gymsokkar og godt humør. 1-3 klasse byrjar 18-19.
Mikael Benjamin Myklebust
12.10.2018 Klubbkveld onsdag 24 oktober!
Onsdag 24 oktober inviterer vi til Klubbkveld i høve at det er sesongstart for våre Handballspelarar og alle på Allidrett! Fotballfolket er sjølvsagt også velkomne, det hadde sikkert vert kjekt med ei ny trenarjakke for dykk som skal stå ute i hauststormane frammover. Det vil vere 30% rabatt til alt som er på lager her på klubbhuset, det er noko utplukka med tanke på storleik. Og alt som ikkje er på lager, kan bestillast og hentast på Intersport i Haugesund, då til veiledande klubbpris slik som det kjem fram i klubbkolleksjonen under.
Mikael Benjamin Myklebust
12.10.2018 Sponsorlunsj på Brasserie Brakstad!
Fredag var nokre av sponsorane til Falkeid IL samla til ein 2-retters lunsj på Brasserie Brakstad på Indre Kai i Haugesund. Sponsorane våre utgjer isolert sett den største inntektskjelda til Falkeid IL, og hand i hand med den formidable jobben våre driftige frivillige eldsjeler nedlegg, så er det dette som utgjer at Falkeid IL er eit av dei mest driftige idrettslaga på Haugalandet! Tusen takk til Brassiere Brakstad som for tredje året på rad serverte ein utsøkt 2-retters!
Mikael Benjamin Myklebust
20.09.2018 Vinnarane er....
Det skal lønne seg å stille opp for klubben sin. Falkeid IL har utrulig mange driftige frivillige som gjer nettopp det, noko som forhåpentligvis er både morosamt og som har eigenverdi for dykk som stiller opp. På FKH sine heimekampar, har Falkeid 40 folk i sving, og er største innleigde aktør på stadion på kampdag. FKH er strålande nøgde med jobben som de gjer, å vere med i dugnadsgjengen frå Falkeid er blitt eit kvalitetsstempel på Haugesund Stadion. For å belønne nokre av dykk som stiller opp, har vi no trekt ut nokre tilfeldige som har vert på denne dugnaden i år. I premiepotten, ligg hotell-weekend på Hotell Terminus i Bergen, og nokre signerte FKH-drakter. Vinnarane er...
Mikael Benjamin Myklebust
19.09.2018 Minihandball for 6 åringar - oppstartsmøte torsdag 20. september.
1. klassingar inviteres til oppstart i minihandball torsdag 20. september kl. 17.15 i gymsalen, Tysværvåg skule.
Gro Sørensen
19.09.2018 Handballsesongen 2018/2019 er starta.
Handballsesongen i Falkeid IL handball er nå starta og nokre av laga har starta treninga allereie rett etter skulane starta.
Gro Sørensen
19.09.2018 Dugnad i halltomta - ei alternativ treningsøkt.
Gåande, syklande og kjøyrande på strekningen Falkeidhuset - Tysværvåg har merka aktivitet i halltomta sist veke der området er blitt rydda for trær og kratt.
Gro Sørensen
04.09.2018 Håndballsesongen 2018/2019 snart i gang - tidtaker/sekretærkurs for kampregistrering på idrettshuset 10.09.2018
Kurs i digital føring av kamprapport blir arrangert på Falkeid IL sitt klubbhus mandag 10. september 2018 kl. 18.00.
Gro Sørensen
27.08.2018 Medieomtale frå sykkelfesten
Sykkelfesten i Tysværvåg er over for i år. Vi har hatt strålande vær, nøgde deltakarar og mykje idrettsglede desse dagane med Steinsvikrittet, Haugaland Kraft Undomsritt og Haugesunds Avis Barneritt. Takk til alle spreke deltakarane, rause samarbeidspartnerar, driftige frivillige, velvillige grunneigarar og alle tilskodarar som deltok på sykkelfesten. Vi håpar alle har hatt en strålende helg og ønskjer alle velkommen attende i 2019. Under her er lenker til medieomtale frå helga. Bilete er teke av Alfred Aase.
Mikael Benjamin Myklebust
24.08.2018 Håland & Karlson med på laget!
Vi ønskjer Håland og Karlson AS velkommen som skiltfalt i Falkeid IL! Eg tok meg ein tur innom vår nye samarbeidspartner som held til på industriområdet på Frakkagjerd. Les kva dagleg leiar Inge Håland seier i høve signeringa med Falkeid. På bilete , ser de premiepodiet (samt han som sveisa den) som Håland og Karlsen har laga til oss, som allereie på morgondagens Steinsvikritt vert teke i bruk. Resten av året, kan det nyttast til spensttrening el.
Mikael Benjamin Myklebust
23.08.2018 Bli med på sykkelfesten for store og små!
Denne helga arrangerer Falkeid IL sykkelfest for heile regionen, med det største terrengsykkelrittet på Haugalandet, Steinsvikrittet og Haugaland Kraft ungdomsritt på laurdag. Sundag er det barnas dag, med gratisrittet Haugesunds Avis Barneritt som også er størst og ikkje minst best i klassen! For påmelding mm. sjå link under. Skal du ikkje delta, oppmodar vi alle om å stille seg langs løypa for å heie, eller legge turen til Troppene for så å ta middagen her i kafeen som vil vere open begge dagane!
Mikael Benjamin Myklebust
23.08.2018 Bli med då vel!
Mikael Benjamin Myklebust
17.08.2018 Dommaroppsett for hausten er klart!
Fotballstyrets dommarkoordinator har på nytt fått bryna dei små grå med å setje opp dommarkabalen for hausten. Oppsettet finn du no på nettsida vår under Idrettar> Fotballdommar
Mikael Benjamin Myklebust
08.08.2018 ADM-2 Steinsvikrittet 2018
Har du mulighet å hjelpe til som løypevakt/Stasjonærvakt. Denne uka er det kursing.
Asbjørn Bakken
11.07.2018 NORWAY CUP 2018
Lørdag 28. juli kl 07.00 reiser Falkeid IL til Norway Cup med 7 lag og 92 spillere. Info om turen og hvordan du kan følge kampene finner du her:
Asbjørn Bakken
29.06.2018 Falkeidposten- Sportsvåren 2018
I siste sekund før sumaren tek over, så er Falkeid si eiga avis med sportsleg oppdatering frå det siste halve året klar. Her er Falkeidposten- Sportsvåren 2018. God sumar!
Mikael Benjamin Myklebust
29.06.2018 Stoke City Fotballskule - kort oppsummert
Ei fantastisk veke med fotballskule er ved veis ende, deltakarane er garantert sletne og eg trur dei også er strålande nøgde med denne veka i solskinet her på Troppene. Takk til alle som har bidratt; deltakarar, trenarane, frivillige og fotballskulesponsorane. De har sørga for at dette vart ei framifrå veke med ein heilproff fotballskule med sportsleg og sosial utvikling.
Mikael Benjamin Myklebust
28.06.2018 Dieselpumpe i Slåttevik!
Vår gode samarbeidspartner Romseland og Kvam Oljeservice har opna Dieselpumpe i Slåttevik. I høve opning av ny pumpe, inviterer driftsleiar Rune Romseland til stand i dag (torsdag) frå klokka 16 til 18. Der vil han dele ut bollar, Esso-sekkar mm. Han vil også vere behjelpeleg med å fylle ut søknadsskjema for å få Esso Energi-kort. Dieselpumpa er open for alle, privatpersonar og bedriftskundar. Rune skrur også ned dieselprisen desse to timane.
Mikael Benjamin Myklebust
22.06.2018 Alt er klart til Stoke City Fotballskule!
57 deltakarar frå 8 til 16 år er påmeldt Stoke City Fotballskule, t-skjorte til alle er på plass, treningsprogrammet og vekeplanen er klar, værmeldingane ser bra ut og i morgon landar trenarane Duncan, Cameron, Joe og Isaac på Helganes. Takk til våre rause samarbeidspartnerar som stiller med hytte, bil, mat og kapital for å få fotballskulen til å gå rundt! Les komplett program under, og så er det berre til å glede seg til førsteklasses fotballskule på Troppene!
Mikael Benjamin Myklebust
15.06.2018 Trenarsession med Stoke-trenarane- 27 juni!
Er du trenar i Falkeid, Bokn eller Førland? Då bør du sette av onsdag 27 juni, som er midt Stoke City Fotballskuleveka. Då vert det syning av øvingar ute på feltet, samt korleis dette kan tilpassast til laget du trenar. Dersom nokon har spesifikke ønskjer mtp. tema for økta, ikkje nøl med å sende dette på ein mail til post@falkeid-idrettslag.no. Trenarsessionen ute på bana vil vare frå 18-20. Deretter er det VM på storskjerm, Pizza og drøs i storsalen. Denne kvelden leverast av Askeland Eiendomsutvikling.
Mikael Benjamin Myklebust
14.06.2018 Stafett for livet!
Løp for livet, løp for en venn, en kollega, en du kjenner, ett familiemedlem, eller løp for en god sak!
Einar Magne Storhaug
05.06.2018 Falkeidhallen - etterlengta tidspunkt for oppstart er her.
Formannskapet har hatt møte i dag, tysdag 5. juni 2018. Rekkefølge krava som kom inn ved sist budsjett des 17, og skulle mjuknast opp, løyses ved at det er politisk vilje for å løyve 2 mil til vei og P plass. Alle partier stiller seg bak dette, legges inn i budsjett 2019.
Gro Sørensen
05.06.2018 Sal av Hervik Juice og Smoothie!
Vi har ca 200 Hervik Juice og ein del Bendit Smoohie igjen etter Kårstø Cup, dette ønskjer vi å selje eksklusivt til Falkeidmedlemmer for 15 kroner stk. Bestilling av dette skjer ved å sende mail til siljegis@gmail.com. Skriv antalt Juice (eple/apelsin) og/eller smoothie. Betaling skal skje på VIPPS eller via bankterminal ved henting. Er du ikkje medlem, sei du? Det er jo kanskje ei høveleg mogelheit til å melde seg inn som støttemedlem til 200 kroner året, melder du deg inn som støttemedlem innan 9 juni, skal du få med ein 6 pk. med Hervikjuice når medlemskapet er oppretta og betalt. Sjå link under for digitalt innmeldingskjema. Denne kampanjen går så lenge lageret held, og det treng ikkje vere så lenge.... Snu deg på helen!
Mikael Benjamin Myklebust
03.06.2018 Strålande sol og god stemning = Kårstø Cup!
Kårstø Cup er og forblir ei suksesshistorie. Dommarane og våre flittige frivillige har på nytt levert eit arrangement med høg kvalitet i alle ledd. Frå klokka 8-17.30 har dei 102 besøkande laga spelt over 200 kampar i strålade solskin i Tysværvåg. Tradisjonen tro, har vi nominert 2 Kompis-lag som har utmerka seg med gode haldningar på bana, i trå med haldningsprogrammet vårt som heiter Kompis. Medieoppslag frå turneringa vert lenka til i denne nyheitssaken. Og det er link til eit album med fleire bilete på vår Facebookide. Takk for ein fantastisk dag, alle saman!
Mikael Benjamin Myklebust
01.06.2018 Les dette, FØR du kjem på KÅRSTØ CUP!
Vi har jobba seint, vi har jobba tidlig, vi har stått på lenge for at sundagen skal bli best mogeleg for alle besøkande på Kårstø Cup på sundag 3 juni. Og no nermar den store dagen seg med stormskritt! Du som er ansvarleg for eit lag på sundag, ver vennleg å les alt dette før du møter opp på sundag. Aller viktigast, ver ute i god tid, og meldt å frå i sekretariatet straks du kjem på anlegget vårt. Vi gledar oss stort til å få kvar og ein av dykk på besøk på sundag, vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
01.06.2018 Karsten Bjelland- fortsett som Sølvfalk!
Karsten Bjelland har i lang tid vert ein viktig og solid samarbeidspartner for Falkeid IL, og denne veka skreiv vi ny 3-årig samarbeidsavtale med Rørentreprenøren på Haugalandet! Les kva driftsleiar Ole Bjelland seier i høve signeringa med Falkeid. På sundagens Kårstø Cup, vil Karsten Bjelland vere synlege med bla. bilar som er parkert sentralt på anlegget.
Mikael Benjamin Myklebust
30.05.2018 Nye rastebord frå Saga Bygg
10 nye rastebord er klare til Kårstø Cup, vår general Saga Bygg har levert materiell og utført alt arbeidet med å snekre dei nye rasteborda. Ein samarbeidspartner som leverer slik ein service i ein hektisk innspurt før cup, er gull verdt! På midterste bordplate, er det også frest inn firmanamn til andre gode samarbeidspartnerar: Haugesund Sparebank, K. Lønning Hage og Anlegg, Murerfirma Tor Gismarvik, Hervik Rør, Mecan, Askeland Eiendomsutvikling og PayTec.
Mikael Benjamin Myklebust
29.05.2018 350 000,- frå SR-STIFTELSEN
SR-stiftelsen tildelte i dag 350 000 kroner til bygging av Falkeidhallen. Kvart år delar Sparebankstiftelsen ut millionbeløp til lokale lag og foreninger på Haugalandet. Denne våren, var det Falkeidhallen som vart tildelt den største summen, og vi er svært takksame for at Stiftelsen ser nytta av det gode arbeidet våre frivillige gjer for Søre Tysvær med bygging av halllen. I morgon, er det offisiell tildeling hjå SR-bank i Haugesund. På denne tildelinga vil hallkomiteleiar Narve Susort representere Falkeid saman med styreleiar Gro Sørensen. Medieoppslag som kjem etter dette, vil fortløpande bli lenka til i denne nyhetssaken.
Mikael Benjamin Myklebust
25.05.2018 Kårstø Cup på Radio 102
I dag føremiddag vart det snakka om Kårstø Cup på Radio 102.
Mikael Benjamin Myklebust
25.05.2018 Kårstø Cup - Revidert kampoppsett!
Utkastet til kampoppsettet til Kårstø Cup vart utarbeida torsdag og fredag i førre veke. Etter dette, kom det inn mange henvedelsar, og i dag, tysdag 29 mai, er eit oppadatert og endelig kampoppsett utarbeida, det er endringar i mange alderskategoriar og puljer. 360 kampar er generert, og 102 lag er klare for Kårstø Cup sundag 3 juni, vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
25.05.2018 Stoke City fotballskule- 7 ledige plassar!
Ønskjer du å vere med på ein heilproff fotballskule med akademitrenarar frå Stike City? Då er du heldig, for det er 7 ledige plassar igjen før fotballskulen er fullbooka. Skund deg å sende ein mail til siljegis@gmail.com for å sikre deg ein av dei siste plassane. Dette er ein fotballskule for 8 til 16 åringar i veke 26, altså måndag 25 til fredag 29 juni. Det er trening frå 9 til 13.30 kvar dag denne veka. Prisen er 1500,-, lunsj er inkludert.
Mikael Benjamin Myklebust
23.05.2018 Ny rekord - 101 lag påmeldt Kårstø Cup!
Det er ny rekord med tanke på antal deltakarlag til Kårstø Cup i den 28 utgåva av cupen. Vi jobbar på spreng for å få til ein framfrå dag for alle besøkande, og ønskjer alle velkommen! Kampoppsettet vil vere klart i løpet av veka, og det endelige oppsettet vert spikra måndag/tysdag i neste veke. Følg med, følg med! Vi gledar oss stort til å få alle på besøk! Følg med på www.falkeid-idrettslag.no framover og lik oss på Facebook, så held du deg oppdatert.
Mikael Benjamin Myklebust
18.05.2018 Norway Cup 2018
7 lag er påmeldt fra Falkeid IL på til årets Norway Cup. Tre lag får spennende motstandere fra det store utland. Puljeoppsettet for Norway Cup er klart og nå begynner vi å glede oss.
Asbjørn Bakken
15.05.2018 Kårstø Cup 3 juni
Ei veke før påmeldingsfristen (21 mai), så er 72 lag er påmeldt årets høgdepunkt for barn fra 6 til 10 år, nemlig Kårstø Cup. Les alt om turneringa, og meld på ditt lag ved å trykke deg inn på lenka under.
Mikael Benjamin Myklebust
15.05.2018 Takk for ditt bidrag i Pantebuå!
Varmgang i pantebuå likar vi, dykk der ute har allereie fylt den nye pantebuå til randen 2 gangar i år! Dette bidreg til god inntjening for idrettslaget, som resirkulerar tomgodset til trygge og gode aktivitetar for barn, unge, vaksne og eldre. Takk til alle som leverer panten sin her, og takk til husstyret som klargjer panten til levering. Hugs å minne naboen, bestemor og tante på at her kan du levere panten til ein god sak, og som ein bonus, slepp du kø, og du kan slenge inn heile posen i eit jafs. Pant alt (sjå Falkeid IL), alltid!
Mikael Benjamin Myklebust
08.05.2018 Bronsefalk- Helgevold Elektro Tysvær!
Helgevold Elektro Tysvær signerte denne veka ei fireårig Bronsefalkavtale med Falkeid IL. Elektrofirmaet som held til på Aksdal Næringspark har allereie oppgradert det elektriske anlegget på klubbhuset med mange større og mindre brannsikrande tiltak. Vidare, har dei montert nye utelys, nye flotte vegglampar i storsalen og tidsur til ventilasjonnsystemet i kjellargarderobane. Les kva Petter Frøyland frå Helgevold Elektro seier i høve signeringa.
Mikael Benjamin Myklebust
04.05.2018 General Saga Bygg er med vidare!
Det er meg ei stor glede å annonsere at Saga Bygg i dag signerte ny 3-årig avtale med Falkeid IL. Saga Bygg har i ein mannsalder vert den største og mest vitale samarbeidspartneren til Falkeid IL, og dei har i like mange år levert formidabel service. Byggmesterfirmaet som heldt til på Haugaland Næringspark ser samfunnsnytta av dugnadsinnsatsen som gjerast i idrettslaget, og ønskjer med samarbeidet å støtte opp om den formidable jobben som gjerast i så måte. Les kva driftsleiar i Saga Bygg, Narve Susort, seier i høve forlenginga av samarbeidet.
Mikael Benjamin Myklebust
03.05.2018 To av Falkeid IL sine håndballspelerar til Regional talentsamling 9. og 10 juni 2018
To av spelerane på Falkeid IL håndball J 14 år er invitert med til Region SørVest sin regionale talentsamling 9. og 10. juni 2018.
Gro Sørensen
02.05.2018 Alternativ trening - åpning av badesesongen 2018
Falkeid håndballmix 12 år åpna badesesongen 2018 mandag 30. april 2018.
Gro Sørensen
27.04.2018 Klubbkveld med Intersport 9 mai
Onsdag 9 mai klokka 17 - 19 inviterer vi til klubbkveld på Troppene med vår utstyrsforhandler Intersport Haugesund. Falkeid IL har kjøpt inn ein del klubbtøy av alle plagg i klubbkolleksjonen for 2018. Dersom din storleik ikkje er inne, så tek Harald frå Intersport i mot bestillingar, og du vil få beskjed når varene er komne til butikken. Vi har stort lager med FIL-luer, baggar og nye ryggsekkar med ballnett. I 2018 kolleksjonen har vi også fått inn flotte joggejakker. Sjå alle varer og prisar lenka under. Vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
26.04.2018 Informasjon om fremdriften til Falkeidhallen
Som alle ser, er Innebandygruppa allerede i gang med å rydde området der Falkeidhallen skal bygges. Hallkomiteen er nå i sluttfasen med å utarbeide underlag til anbudspapirer for de ulike fagene, som vi kommer til å sende ut så snart som mulig. Les mer ved å tykke deg inn på nyhetssaken.
Mikael Benjamin Myklebust
17.04.2018 Treningsavgift 2018 (fotball/Innebandy)
I dag vart Treningsavgift 2018 for fotball og innebandy utfakturert. Mottakarane av denne fakturaen skal vere alle som er aktive utøvarar/spelarar i fotball og/eller innebandy, og som spelar på eit lag frå og med 13 år og opp til seniorlaga. Utfaktureringa skjer via VIPPS, mail eller SMS. Les meir under.
Mikael Benjamin Myklebust
16.04.2018 Dommeroppsett våren 2018
Velkommen til ny dommersesong. Vår eminente dommeransvarlige, Kristin Odland, har no sett opp dommerar for heile våren. Dette finn du på www.falkeid-idrettslag.no under Idretter > Fotballdommer. I denne nyheitssaken ligg der lenke direkte til oppsettet. Dommersatsane for 2018 er justert opp på nivået som NFF anbefaler.
Mikael Benjamin Myklebust
16.04.2018 Håndballfest 17. april 2018 på Falkeidhuset
Avslutning av håndballsesongen 2017/2018 blir markert med håndballfest på Falkeid IL sitt hus tysdag 17. april 2018 kl. 18.00.
Gro Sørensen
15.04.2018 Tysvær håndballturnering 1. mai 2018.
Tysvær håndballturnering blir arrangert 1. mai 2018. Påmeldingsfristen er 17 april.
Gro Sørensen
13.04.2018 Cateringspesialisten Meny Aksdal = Sølvfalk!
I dag skreiv Meny Aksdal og Falkeid IL ny samarbeidsavtale, daglegvarebutikken og cateringspesialisten fortsett som Sølvfalk. Meny Aksdal har i mange år vert ein stor og viktig samarbeidspartner, og trass i at det er tøffe tider i bransjen, så vel dei å satse på Falkeid IL fordi dei ser at våre frivillige får utretta ein positiv skilnad for nærmiljøet. Les meir om kva kjøpmann Birge Nymark seier i høve signeringa.
Mikael Benjamin Myklebust
06.04.2018 Haugesund Sparebank er med vidare!
Haugesund Sparebank signerte denne veka ny 3-årsavtale som General i Falkeid IL, og med eit signifikant høgare beløp enn i den førre avtala. Lokalbanken driv knakande godt, og samfunnsengasjerte som dei er, utgjer dei den soleklart rausaste samfunnsaktøren på Haugalandet! Dei ønskjer verkelig å bidra i lokalsamfunnet vårt, og støttar mine og dine ungar sin fritidssyssel nesten uansett kva aktivitet dei er med på. Man ser tydeleg at dei jobbar tett på og i trå med sin visjon om å vere Lokal, nær og personlig. Les kva adm. banksjef Bente H. Syre og marknadssjef Andre Sæbø seier om motivasjonen for samarbeidet, og deira tankar om Falkeid.
Mikael Benjamin Myklebust
23.03.2018 Medlemskontingent 2018
I dag er Medlemskontingent 2018 utfakturert, og tradisjonen tro, vart det trykt 2 gangar på faktureringsknappen. Du treng berre betale den eine av dei to identiske fakturaene. Trykk deg inn på denne nyheitssaken om du har spørsmål, her vil dei vanlegaste spørsmåla vere besvart. Hugs å betale til oppgitt kontonummer (Spoortz AS handterar innbetalinga for oss), og HUGS å taste inn KID nummer!
Mikael Benjamin Myklebust
23.03.2018 Informasjon til trenarar og lagleiarar
På onsdag var det eit lite kurs i bruk av nettsida vår, samt ein del praktisk informasjon. Vedlagt ligg lenke til sentral informasjon for våre trenarar og lagleiar. Samt lenke til presentsjonen som vart holdt på onsdag. Dykkar beste venn på vår nettside, bør vere Klubbhandboka, vidare skal du stort sett kunne finne det meste under rullegardinene Hjelpemiddel og Organisasjon.
Mikael Benjamin Myklebust
22.03.2018 Kårstø Cup - Påmeldingsportalen er oppretta!
Årets høgdepunkt for barn frå 6 til 10 år, er oppretta, så no er det berre til å melde seg på Kårstø Cup som går av stabelen sundag 3 juni. Les alt om arrangementet under, og meld på ditt lag med det same. Alle lag som nyttar same nettside som oss, skal innan helga motta ivitasjon pr. e-post.
Mikael Benjamin Myklebust
20.03.2018 Protokoll får generalforsamling
Her er signert protokoll frå generalforsamling i Falkeidhallen AS.
Mikael Benjamin Myklebust
15.03.2018 Skada spelar til sjukehus etter hovudduell
Gårsdagens treningskamp mellom Stegaberg og Falkeid vart avblåst midt i andre omgang grunna at FIL-spelar Bernt Ronny Hartvigsen låg nede med hovudskade. Ambulanse kom på staden, og han vart undersøkt av lege på staden, og frakta til sjukehus. Rapport frå far i dag tidleg, seier at han har fått ein kraftig hjernerystelse, vond kjeve og vond nakke. Han vert liggande til observasjon ut dagen. All honnør til trenarar, lagleiar og foreldre på staden, som gjorde alt rett. Og vi ønskjer Bernt Ronny Hartvigsen god betring. Foto: Alf Einar Kvalavåg
Mikael Benjamin Myklebust
13.03.2018 Førskolebarn og foreldre ønskes velkommen til rekruttdag!
Førskolebarn (6 åringene) og foreldrene deres ønskes velkommen til Falkeid IL førstkommende søndag 18 mars, klokka 12 til 13. Vi inviterer for at ditt barn skal få se hvordan vi har det når vi trener og spiller fotball. Vi vil ha fotball-relaterte aktiviteter og øvelser på søndag for barna, og kaffidrøs med fotballstyret for foreldrene. Dette er et uforpliktende opplegg for å se om fotball kan vere en fin aktivitet for ditt barn. Fotballstyret ser frem til å møte dere alle, vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
09.03.2018 Anbodskonkurranse Falkeidhallen AS
Falkeid IL skal bygge idrettshall. Er ditt firma interessert i å vere med på å byggje Søre Tysvær si nye storstove? Reguleringsplanen og finansiering er i orden, og vi ønskjer no å kome i kontakt med aktuelle firmaer for dei ulike faga. Bygget er dels handbalhall 20x40 m + tryggleikssonar, dels tilbygg med støttefunksjonar på ca 720 + 410 m2 over to etasjer. Vi ber interesserte henvende seg innan 13.3.2018. Ta kontakt med leiar av byggekomiteen Narve Susort på tlf 916 63 784 eller på mail narve@sagabygg.no for meir informasjon og føreståande anbodsrunde.
Mikael Benjamin Myklebust
09.03.2018 Innkalling til kurs i bruk av nettsida vår!
Kallar med dette inn alle kommunikasjonsansvarlige i kvart gruppestyre, samt trenarar og lagleiarar til kurs i bruk av nettsida vår onsdag 21 mars klokka 18-20. Oppmodar alle til å logge seg inn og prøve seg litt fram innan kurset, for å finne ut av kva det er du lurer på. Nettsida brukar vi mellom anna til: medlemshandtering, kommunikasjonsverktøy, fakturering, nyheittsaker, informasjonsformidling, oppslagsverk for medlemmer med verv og andre, samt mykje meir. Vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
08.03.2018 Ny avtale med FKH i boks!
Onsdag signerte Falkeid IL ny samarbeidsavtale med FK Haugesund for kommande sesong. FKH er strålande nøgde med jobben dugnadsgjengen frå Falkeid IL har gjort i 8 strake år på rad, og no står vi på dørstokken til sesong nummer 9 med Eliteserieklubben! Ein spennande sesong ligg framføre oss, og den rullar allereie i gang med bortekamp førstkommande sundag. Vi kjem også i 2018 til å vere den aktøren med flest personell i sving på stadion før og under kamparrangementa. Vi har faste oppgåver kring heile stadion, nytt av året, er at vi skal ha ein fast kiosk, samt at vi på 8 kampar skal rigge og drifte FanZone. Les meir under, der finn du også link til nyheitssaker frå Tysvær Bygdeblad og fkh.no
Mikael Benjamin Myklebust
07.03.2018 Innkalling til Generalforsamling i Falkeidhallen AS
Kallar med dette inn til Generalforsamling i Falkeidhallen AS onsdag 14 mars klokka 20.00 i Kiosken på klubbhuset. Dei stemmeberettina er dei 6 personane som i går vart valgt inn i Hovudstyret i Falkeid IL. Generalforsamlinga i Falkeidhallen AS kunne ikkje gjennomførast som planlagt i går, grunna at færre enn halvparten av styremedlemmane ikkje var til stades. Sakslisa til generalforsamlinga neste onsdag, får du opp ved å trykke deg inn på denne saken.
Mikael Benjamin Myklebust
07.03.2018 Årsmøte avholdt
I går, tysdag 6 mars vart årsmøtet i Falkeid IL avholdt. Det var eit konstruktivt møte med gode innspel frå dei 17 stemmeberettiga medlemmane. Trykk deg inn i nyheitssaken under for å sjå protokoll frå årsmøtet. Vedlagt ligg også vedteke årsmelding, regnskap for 2017 og budsjett for 2018. Verdt å nemne, er at hovudstyret i 2018 er sett saman av leiar, nestleiar, gruppeleiarane i handball, fotball og allidrett, og med sykkelgruppeleiar som vara, dette er basert på vedtak om endring av organisasjonsplan i sak 9. Men i mangel på ny leiar i hovudstyret. samt fleire andre vitale verv, skal det haldast fortsettande årsmøte innan ein månad, ref. vedtak i sak 14 valg.
Mikael Benjamin Myklebust
27.02.2018 Basistreninga utgår idag, tysdag 27.februar 2018
Basistreninga på kajakkhuset utgår idag, tysdag 27.februar 2018, grunna instruktøren er opptatt på anna aktivitet. Velkommen igjen til trening på torsdag.
Gro Sørensen
27.02.2018 INTERESSERT I Å PRØVE DEG SOM TRENER FOR G11?
Er det noen der ute som kunne hatt lyst å prøve seg som trener for G11 her hos oss på Falkeid Idrettslag. Det er ca 10-11 gutter på laget. Guttane mangler hovedtrener, men har foreldre som er med som lagleder. Det vil være foreldre som hjelper til rundt laget. Det kan godt være ungdommer som kan prøve seg på denne jobben-vi venter på DEG! Ta kontakt med Silje på 90503529 eller siljegis@gmail.com
Mikael Benjamin Myklebust
27.02.2018 Generalforsamling Falkeidhallen AS
Troppene, 6. Mars kl 2030 Generalforsamlinga for Falkeidhallen AS, altså dei stemmeberettina, er det sitjande styret for Falkeid IL. Kven dette er, kjem fram i årsmøtevedtak som foreligg etter Falkeid IL sitt årsmøte same dag.
Mikael Benjamin Myklebust
27.02.2018 Sakslista til årsmøtet i Falkeid IL
Tysdag 6 mars frå klokka 18.00 er det årsmøte i Falkeid IL. Her er sakslista og saksdokumenta. Minner om at alle betalande medlemmer frå og med 15 år, har stemmerett på Falkeid IL sitt årsmøte. Styret ønskjer eit papuirlaust årsmøte, så dersom nokon treng å få skrive ut sakane i papirformat, må dei henvende seg til post@falkeid-idrettslag.no i rimeleg tid innan årsmøtet.
Mikael Benjamin Myklebust
06.02.2018 Generalforsamling i Falkeihallen AS
Det kallast med dette inn til generalforsamling i Falkeidhallen AS, møtet vert avholdt i storsalen på klubbhuset på Troppene tysdag 6 mars klokka 20.30. Ei veke innan generalforsamlinga, vert sakslista gjort tilgjengelig på www.falkeid-idrettslag.no. Falkeidhallen AS v/styreleiar Jan Schille
Mikael Benjamin Myklebust
02.02.2018 Årsmøte 6 mars - NY DATO!
Falkeid IL sitt høgste organ, Årsmøtet, vert avholdt i storsalen på klubbhuset på Troppene tysdag 6 mars 2018 (ikkje onsdag 7 mars som først annonsert).Komplett saksliste vert lagt tilgjengelig her på vår nettside ei veke før, altså den 28 februar. Dersom du har saker til årsmøtet, kan dette adresserast til post@falkeid-idrettslag.no innan 21 februar. Dette for at styret skal få ta stilling til saka, innan saksdokumenta vert publisert.
Mikael Benjamin Myklebust
01.02.2018 Hastemelding - basistreninga utgår idag torsdag 1. februar 2018
Basistreninga på TKKK-huset utgår i dag, torsdag 1. februar 2018, grunna fråfall på instruktørsida. Velkommen igjen tysdag 6. februar 2018.
Gro Sørensen
26.01.2018 Falkeidhallen- her er teikningane!
Hallkomiteen jobbar kvar dag med førebuingane til bygging av Falkeidhallen, her er dei ferdige skissene og planteikningane. Hallkomiteen kjem fortsatt til å jobb på spreng i tida framover, for å få til byggestart så snart som mogeleg!
Mikael Benjamin Myklebust
23.01.2018 Vi jublar for at Statoil er med vidare!
Vi jublar for at Statoil på Kårstø har signert ny avtale med Falkeid IL. Samarbeidet går på at vi i år skal arrangere vår eminente Kårstø Cup for 27-ande strake år på rad i samhandling med Statoil og deira talentprogram Morgendagens Helter. Statoil ønskjer gjennom sine sponsorat innan idrett/kultur/realfag å "støtte morgendagens helter", og vi har stor tru på at ein kjekk dag på cup, med gode sporstslege og sosiale opplevingar, er med på å innfri Statoil si målsetting med samarbeidet. Årets Kårstø Cup vert sundag 3 juni, og er for alle lag frå 6-10 år.
Mikael Benjamin Myklebust
19.01.2018 Vervsfest 26 januar!
Falkeid IL inviterer med dette til vervsfest fredag 26 januar, frå klokka 19 og utover. Sett av kvelden! Det vert servert mat frå Gullfalk Meny Aksdal, og det vert humorinnslag med Bugge frå Mugge og Bugge frå Finnøy. Alle (18 og eldre) med eit verv i Falkeid IL kan komme, ta gjerne med følge! Meld deg på ved å trykke Deltek på hendinga på Facebooksida vår.
Mikael Benjamin Myklebust
10.01.2018 Basistreninga på torsdag 11. januar blir avlyst.
Basistreninga nå på torsdag på kajakkhuset er avlyst. Velkommen til neste treningar mandag og torsdag i veke 3. Falkeid IL
Gro Sørensen
10.01.2018 Velkommen til PayTec!
I går signerte vi ein ny samarbeidspartner, ønsk PayTec AS velkommen til Falkeid IL! Vi har i mange år hatt bankterminal frå PayTec, men nå frå 2018 er PayTec med som Falk i idrettslaget. Dagleg leiar Rune Hagland leverte førsteklasses service frå første sekund i form av at underteikna kom ut av møtet med ny og operativ bankterminal, samt signert avtale. I tillegg til bankterminal, leverer også verksemda kassasystem og kameraovervåking. Les meir i intervjuet med Rune under.
Mikael Benjamin Myklebust
04.01.2018 Basistrening- oppstart sundag!
Sundag 7 januar startar basistreninga opp i gymsalen på skulen for alle betalande medlemmer frå 15 år og oppover. Treningane er i tidsrommet 1750-1900. Instruktør er Christina Vedø. Siste økt er sundag 25 mars.
Mikael Benjamin Myklebust
21.12.2017 Falkeidposten 2017
Eit produktivt Falkeid-år ligg bak oss, i 2017 har vi nok ein gang levert botnsolide arrangement og høgt nivå i den daglege treningskvardagen til våre medlemmar. No er vi saman med våre generalar, Saga Bygg og Haugesund Sparebank, rigga og klare for å ta fatt på eit nytt og spennande 2018. Men innan den tid, er det tid for eit sportsleg tilbakeblikk og det er tid for å takke dykk som driv Falkeid IL framover, våre driftige frivillige og våre rause samarbeidspartnerar!
Mikael Benjamin Myklebust
21.12.2017 Takk for god jobb, Øyvind!
Øyvind Hølland kom til Falkeid IL for rett over eit år sidan, sidan den gang, har han jobba og stått på kvar dag! Vi er svært takksame for all hjelp vi har fått og alt det han i denne perioda har fått gjort. Han har malt, musesikra huset, skifta takstein, skrudd, ordna, rydda, bidratt på alle arrangementa våre i 2017 og mykje meir! Heile vegen, har målet vert at Falkeid IL gjennom vårt nettverk av samarbeidspartnerar, skulle kunne hjelpe denne dyktige mannen attende i arbeidslivet. No, er ringen er slutta og alle partar er strålande nøgd med dette. For 2 januar, byrjar Øyving i jobb for Byggmester Even Heggland. Les intervjuet med Øyvind i Tysvær Bygdablad 21 desember. Og les mitt intervju med Øyvind under.
Mikael Benjamin Myklebust
20.12.2017 Årskort til FK Haugesund 2018!
Også i år, sel Falkeid IL årskort på Haugesund Stadion. Kjøper du kortet av Falkeid IL, så får du rimligare årskort, i tillegg til at du støttar ein klubb som i 2017 nedla 2500 dugnadstimar for Eliteserieklubben. Les meir, book og betal ditt årkort for 2018 ved å trykkje på lenka i denne nyheitssaken!
Mikael Benjamin Myklebust
19.12.2017 Hugs - juleferie for basistreninga på TKKK - huset.
Basistreninga for for 11 - 14 år har juleferie frå uke 51.
Gro Sørensen
15.12.2017 Ny avtale med Romseland og Kvam!
Romseland og Kvam Oljeservice AS har no signert ny og større avtale med Falkeid IL for åra framover. Romseland og Kvam har vert, og er fortsatt, ein viktig støttespelar for Falkeid IL, les intervjuet med Rune Romseland under!
Mikael Benjamin Myklebust
14.12.2017 Treningstider 2018
Fotballstyret ved leiar Silje har fordelt treningstidene for 2018, dei nye treningstidene trer i kraft 1 januar 2018. Om det mot formodning skulle vere tilbakemeldingar på desse treningstidene, adresserast desse til Silje Gismarvik på siljegis@gmail.com. Treningstidene ligg i lenke under, og er å finne til ei kvar tid på nettsida vår under Idrettar>Fotball>Treningstider 2018. Fotballstyret ønskjer med dette alle saman ei fredfylt julehøgtid, og eit godt nytt år!
Mikael Benjamin Myklebust
05.12.2017 Innebandyreglar for 'dummies'
Me spelar me sjela utanpå skjorta. Når det går ei kule varmt kan det vere greitt å minne seg sjølv på nokre grunnlreglar.
Stein Magnar Askeland-Gjerde Innebandy
04.12.2017 Førebyggande basistrening for utøverar i alderen 11 - 14 år.
Nå startar vi opp med førebyggande basistrening for handball og fotballutøverar i alderen 11 - 14 år tysdagar og torsdagar.
Gro Sørensen
01.12.2017 Vinnarane av hotellhelg i Bergen er...
Takka vere alle dykk frivillige som har stilt opp på årets FKH-dugnadar, har Falkeid IL jobba inn mange hundre tusen kroner rett i klubbkassa! Dette bidreg til at vi kan ha den soleklart lågaste kontingenten på Haugalandet, noko vi er stolte og nødge med, fordi vi ønskjer å vere ein klubb for alle som ønskjer å vere med på ein aktivitet eller 3, utan at det skal koste skjorta. Ei ekstra stor takk, må vi rette til Anne Lise Waage og Narve Susort som har koordinert/purra inn lister med kven som kjem på dugnad og ikkje minst koordinert mannskapet på stadion! FK Haugesund er imponert og takksame over jobben de har gjort i årets sesong, og dei ønskjer å takke kvar og ein som har stilt opp på dugnad på stadion denne sesongen! Les kven vinnarane av ei helg på hotell i Bergen er under...
Mikael Benjamin Myklebust
30.11.2017 Medieverket- ny Skiltfalk!
I dag signerte vi avtale med ein heilt ny samarbeidspartner, og vi ønskjer med dette å ønske Medieverket velkommen! Samarbeidet inneber mellom anna at Medieveket designar og produserer Falkeid-kalendrane. Vidare, designa dei diplomane som alle spelarane fekk på fotballavsluttingane, og så skal dei lage plansjar med oversikt over samlege av våre samarbeidspartnerar i 2018. Utover dette, leverer også Medieverket tekstil og trykk, gåver og profileringsartiklar mm. Les meir om vår nye skiltfalk ved å trykkje på lenka i nyheitsaken.
Mikael Benjamin Myklebust
26.11.2017 Sesongavslutning for våre A-lag
Fredag kveld var det duket for flott avslutningsfest på klubbhuset for både dame og herrelaget.
Asbjørn Bakken
24.11.2017 Knalltilbud på ass. klubbtøy på Julebasaren!
Neste laurdag, 2 desember, arrangerer Falkeid sin årlege Julebasar på Troppene. I år, kan vi freiste med foredrag med Birger Lindanger, det vert besøk av brannbil, nisse, åresal, loddsal, god mat, kjekt samvær og mykje meir. Klokka 12.00 vert vinnarane av Kompisgenserar trekt ut blandt dei som selde ut loddarket sitt. Sist men ikkje minst, så vert det lagertømming med inntil 50 % avslag på alt som er igjen på lager av Falkeid IL sin klubbkolleksjon for 2017. Sjå komplett program under. Vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
20.11.2017 Håndballskole i regi av HTU
Lørdag 2. desember arrangerer HTU Talentutvikling håndballskole for gutter og jenter i alderen 8-15 år.
Gro Sørensen
16.11.2017 Hageland Raglamyr og Bygnes- ny Falk!
Velkommen til Falkeid IL, Ola Apeland, dagleg leiar i Hageland Raglamyr og Bygnes. Vi er svært stolte over å kunne få presentere vår nyaste «Falk», som sel kvalitetsvarer av plantar, blomster og hageprodukt. Du finn dei godt synleg på Raglamyr og med nyopna butikk på Bygnes, sving innom for eit godt tilbod, gode gartnarråd og vegleiing i plantestell. Les intervjuet med Ola Apeland under. Les også kva du må gjere for å delta i konkurransen der du kan vinne utandørs belysning.
Mikael Benjamin Myklebust
15.11.2017 Stem på Falkeid Idrettslag- gjer det i dag!
500 000 kroner skal deles ut! Stem på klubben i mitt hjerte 11.-24.november Norges idrettsforbund, i samarbeid med Sparebank 1, Dagbladet og P4, er stolte av å starte årets Klubben i mitt hjerte-kampanje. Dersom Falkeid klarer å få 50 stemmer i løpet av én dag, er klubben med i trekningen av dagspremien på 10.000 kroner fra Sparebank 1. Utforer med dette alle om å stemme i dag, onsdag 15 november, så er vi minst med i trekninga av 10 000 kroner! Link til der du stemmer, samt mer informasjon finn du ved å trykke deg inn på nyhetssaken.
Mikael Benjamin Myklebust
14.11.2017 Basistreninga startar førstkommande sundag!
Basistreninga for alle medlemmer f.o.m. 15 år og opp, startar førstkommande sundag 19.nov kl 1750-1900 i gymsalen på Tysværvåg skule. Det er Christina Vedø som også i vinter skal leie treningane. Datoer og tider frem mot jul: Søndag 26 nov og 3.des kl 1750-1900. Onsdag 6, 13 og 20 des kl 1850-2000. Tilbodet er gratis til alle betalande medlemmer (f.o.m. 15 år)!
Mikael Benjamin Myklebust

Kontonr. Falkeid IL:3240.09.60495 (Haugesund Sparebank)

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift