Treningstider 2018

Fotballstyret ved leiar Silje har fordelt treningstidene for 2018, dei nye treningstidene trer i kraft 1 januar 2018. Om det mot formodning skulle vere tilbakemeldingar på desse treningstidene, adresserast desse til Silje Gismarvik på siljegis@gmail.com. Treningstidene ligg i lenke under, og er å finne til ei kvar tid på nettsida vår under Idrettar>Fotball>Treningstider 2018. Fotballstyret ønskjer med dette alle saman ei fredfylt julehøgtid, og eit godt nytt år!

Førebyggande basistrening for utøverar i alderen 11 - 14 år.

Nå startar vi opp med førebyggande basistrening for handball og fotballutøverar i alderen 11 - 14 år tysdagar og torsdagar.

Vinnarane av hotellhelg i Bergen er...

Takka vere alle dykk frivillige som har stilt opp på årets FKH-dugnadar, har Falkeid IL jobba inn mange hundre tusen kroner rett i klubbkassa! Dette bidreg til at vi kan ha den soleklart lågaste kontingenten på Haugalandet, noko vi er stolte og nødge med, fordi vi ønskjer å vere ein klubb for alle som ønskjer å vere med på ein aktivitet eller 3, utan at det skal koste skjorta. Ei ekstra stor takk, må vi rette til Anne Lise Waage og Narve Susort som har koordinert/purra inn lister med kven som kjem på dugnad og ikkje minst koordinert mannskapet på stadion! FK Haugesund er imponert og takksame over jobben de har gjort i årets sesong, og dei ønskjer å takke kvar og ein som har stilt opp på dugnad på stadion denne sesongen! Les kven vinnarane av ei helg på hotell i Bergen er under...

Medieverket- ny Skiltfalk!

I dag signerte vi avtale med ein heilt ny samarbeidspartner, og vi ønskjer med dette å ønske Medieverket velkommen! Samarbeidet inneber mellom anna at Medieveket designar og produserer Falkeid-kalendrane. Vidare, designa dei diplomane som alle spelarane fekk på fotballavsluttingane, og så skal dei lage plansjar med oversikt over samlege av våre samarbeidspartnerar i 2018. Utover dette, leverer også Medieverket tekstil og trykk, gåver og profileringsartiklar mm. Les meir om vår nye skiltfalk ved å trykkje på lenka i nyheitsaken.

Sesongavslutning for våre A-lag

Fredag kveld var det duket for flott avslutningsfest på klubbhuset for både dame og herrelaget.

Knalltilbud på ass. klubbtøy på Julebasaren!

Neste laurdag, 2 desember, arrangerer Falkeid sin årlege Julebasar på Troppene. I år, kan vi freiste med foredrag med Birger Lindanger, det vert besøk av brannbil, nisse, åresal, loddsal, god mat, kjekt samvær og mykje meir. Klokka 12.00 vert vinnarane av Kompisgenserar trekt ut blandt dei som selde ut loddarket sitt. Sist men ikkje minst, så vert det lagertømming med inntil 50 % avslag på alt som er igjen på lager av Falkeid IL sin klubbkolleksjon for 2017. Sjå komplett program under. Vel møtt!

Hageland Raglamyr og Bygnes- ny Falk!

Velkommen til Falkeid IL, Ola Apeland, dagleg leiar i Hageland Raglamyr og Bygnes. Vi er svært stolte over å kunne få presentere vår nyaste «Falk», som sel kvalitetsvarer av plantar, blomster og hageprodukt. Du finn dei godt synleg på Raglamyr og med nyopna butikk på Bygnes, sving innom for eit godt tilbod, gode gartnarråd og vegleiing i plantestell. Les intervjuet med Ola Apeland under. Les også kva du må gjere for å delta i konkurransen der du kan vinne utandørs belysning.

Basistreninga startar førstkommande sundag!

Basistreninga for alle medlemmer f.o.m. 15 år og opp, startar førstkommande sundag 19.nov kl 1750-1900 i gymsalen på Tysværvåg skule. Det er Christina Vedø som også i vinter skal leie treningane. Datoer og tider frem mot jul: Søndag 26 nov og 3.des kl 1750-1900. Onsdag 6, 13 og 20 des kl 1850-2000. Tilbodet er gratis til alle betalande medlemmer (f.o.m. 15 år)!

Dato Hjemmelag Bortelag Res
06.12 Falkeid G15 1 foreldrelaget1
22.11 Falkeid G15 1 Haugar SG14 1 8-0
08.11 Falkeid SJ13 1 Falkeid SJ14 1 5-5
04.11 Falkeid Moster IL 7-1
01.11 Djerv 1919 SJ14 1 Falkeid SJ14 1 0-4
Spiller Alder Kamper Mål
Frida Thy Narevik 14 33 69
Sander L 14 31 30
Cristoffer Rabben Larsen 15 32 26
Malene S 17 22 26
Edvin Ljostveit Reiersen 14 30 20
Sander S 18 26 13
Tomine V 22 19 13
Jon L 14 30 11
Even Bakken 15 30 10
Knut A 25 9 9

Generalpartnerane

Gull- og sølvpartnerar

Medlemskontigent 2017

 
Medlemskontingent 2017
Takk for din støtte!
Ubetalt beløp (ca): 28674
Ubetalt antall: 97
Betalt beløp: 111350
Betalt antall: 373
 

Øvrige samarbeidspartnerar

Medlemsinformasjon

Kontortid dagleg leiar

 

Veke 51 (18 - 22 desember)

Måndag:   8 - 15.30

Tysdag:    8 - 15.30

Onsdag:   8 - 15.30

Torsdag:   8 - 12

Fredag:    8 - 14

Veke 52

Juleferie. Ønskjer alle ei fortreffeleg julehøgtid!

Veke 1

Tysdag:    8 - 15.30

Onsdag:   8 - 15.30

Torsdag:   8 - 14

Fredag:    8 - 15.30

Mange spørsmål kan besvarast ved å slå opp i  Klubbhandboka 

Falkeid IL arrangerer:

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift