Nyhetsarkiv
14.12.2017 Treningstider 2018
Fotballstyret ved leiar Silje har fordelt treningstidene for 2018, dei nye treningstidene trer i kraft 1 januar 2018. Om det mot formodning skulle vere tilbakemeldingar på desse treningstidene, adresserast desse til Silje Gismarvik på siljegis@gmail.com. Treningstidene ligg i lenke under, og er å finne til ei kvar tid på nettsida vår under Idrettar>Fotball>Treningstider 2018. Fotballstyret ønskjer med dette alle saman ei fredfylt julehøgtid, og eit godt nytt år!
Mikael Benjamin Myklebust
05.12.2017 Innebandyreglar for 'dummies'
Me spelar me sjela utanpå skjorta. Når det går ei kule varmt kan det vere greitt å minne seg sjølv på nokre grunnlreglar.
Stein Magnar Askeland-Gjerde Innebandy
04.12.2017 Førebyggande basistrening for utøverar i alderen 11 - 14 år.
Nå startar vi opp med førebyggande basistrening for handball og fotballutøverar i alderen 11 - 14 år tysdagar og torsdagar.
Gro Sørensen
01.12.2017 Vinnarane av hotellhelg i Bergen er...
Takka vere alle dykk frivillige som har stilt opp på årets FKH-dugnadar, har Falkeid IL jobba inn mange hundre tusen kroner rett i klubbkassa! Dette bidreg til at vi kan ha den soleklart lågaste kontingenten på Haugalandet, noko vi er stolte og nødge med, fordi vi ønskjer å vere ein klubb for alle som ønskjer å vere med på ein aktivitet eller 3, utan at det skal koste skjorta. Ei ekstra stor takk, må vi rette til Anne Lise Waage og Narve Susort som har koordinert/purra inn lister med kven som kjem på dugnad og ikkje minst koordinert mannskapet på stadion! FK Haugesund er imponert og takksame over jobben de har gjort i årets sesong, og dei ønskjer å takke kvar og ein som har stilt opp på dugnad på stadion denne sesongen! Les kven vinnarane av ei helg på hotell i Bergen er under...
Mikael Benjamin Myklebust
30.11.2017 Medieverket- ny Skiltfalk!
I dag signerte vi avtale med ein heilt ny samarbeidspartner, og vi ønskjer med dette å ønske Medieverket velkommen! Samarbeidet inneber mellom anna at Medieveket designar og produserer Falkeid-kalendrane. Vidare, designa dei diplomane som alle spelarane fekk på fotballavsluttingane, og så skal dei lage plansjar med oversikt over samlege av våre samarbeidspartnerar i 2018. Utover dette, leverer også Medieverket tekstil og trykk, gåver og profileringsartiklar mm. Les meir om vår nye skiltfalk ved å trykkje på lenka i nyheitsaken.
Mikael Benjamin Myklebust
26.11.2017 Sesongavslutning for våre A-lag
Fredag kveld var det duket for flott avslutningsfest på klubbhuset for både dame og herrelaget.
Asbjørn Bakken
24.11.2017 Knalltilbud på ass. klubbtøy på Julebasaren!
Neste laurdag, 2 desember, arrangerer Falkeid sin årlege Julebasar på Troppene. I år, kan vi freiste med foredrag med Birger Lindanger, det vert besøk av brannbil, nisse, åresal, loddsal, god mat, kjekt samvær og mykje meir. Klokka 12.00 vert vinnarane av Kompisgenserar trekt ut blandt dei som selde ut loddarket sitt. Sist men ikkje minst, så vert det lagertømming med inntil 50 % avslag på alt som er igjen på lager av Falkeid IL sin klubbkolleksjon for 2017. Sjå komplett program under. Vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
20.11.2017 Håndballskole i regi av HTU
Lørdag 2. desember arrangerer HTU Talentutvikling håndballskole for gutter og jenter i alderen 8-15 år.
Gro Sørensen
16.11.2017 Hageland Raglamyr og Bygnes- ny Falk!
Velkommen til Falkeid IL, Ola Apeland, dagleg leiar i Hageland Raglamyr og Bygnes. Vi er svært stolte over å kunne få presentere vår nyaste «Falk», som sel kvalitetsvarer av plantar, blomster og hageprodukt. Du finn dei godt synleg på Raglamyr og med nyopna butikk på Bygnes, sving innom for eit godt tilbod, gode gartnarråd og vegleiing i plantestell. Les intervjuet med Ola Apeland under. Les også kva du må gjere for å delta i konkurransen der du kan vinne utandørs belysning.
Mikael Benjamin Myklebust
15.11.2017 Stem på Falkeid Idrettslag- gjer det i dag!
500 000 kroner skal deles ut! Stem på klubben i mitt hjerte 11.-24.november Norges idrettsforbund, i samarbeid med Sparebank 1, Dagbladet og P4, er stolte av å starte årets Klubben i mitt hjerte-kampanje. Dersom Falkeid klarer å få 50 stemmer i løpet av én dag, er klubben med i trekningen av dagspremien på 10.000 kroner fra Sparebank 1. Utforer med dette alle om å stemme i dag, onsdag 15 november, så er vi minst med i trekninga av 10 000 kroner! Link til der du stemmer, samt mer informasjon finn du ved å trykke deg inn på nyhetssaken.
Mikael Benjamin Myklebust
14.11.2017 Basistreninga startar førstkommande sundag!
Basistreninga for alle medlemmer f.o.m. 15 år og opp, startar førstkommande sundag 19.nov kl 1750-1900 i gymsalen på Tysværvåg skule. Det er Christina Vedø som også i vinter skal leie treningane. Datoer og tider frem mot jul: Søndag 26 nov og 3.des kl 1750-1900. Onsdag 6, 13 og 20 des kl 1850-2000. Tilbodet er gratis til alle betalande medlemmer (f.o.m. 15 år)!
Mikael Benjamin Myklebust
14.11.2017 Norovent AS - ny Skiltfalk!
Vi ønskjer vår rykande ferske samarbeidspartner Norovent AS velkommen! I dag starta vi samarbeidet med at Norovent installerte ny ventilasjonspumpe som vetilerer første etasje, samt at dei skifta filter og hadde service på det andre ventilasjonssystemet vårt som ventilerer storsalen og alt anna i andre etasje. I åra framover, skal Norovent ha årleg service på ventilasjonsanlegga våre, slik at vi til ei kvar tid kan tilby eit godt ventilert klubbhus! Du vil også sjå det nyankomne skiltet deira langs grasbana vår. Vi takkar Norovent AS for utmerka service så langt!
Mikael Benjamin Myklebust
08.11.2017 Fotballavsluttningar 13-14 november!
Årets fotballavslutningar vert måndag 13 og tysdag 14 november. Det kjem FKH-spelarar begge dagane, og det vert enkel servering, loddsal og masse flotte premiar. Alle spelarar frå 7-12 år må hugse å ta med seg og levere inn loddarka, uansett om det er solgt eller ikkje. Alle som har solgt ut loddarket sitt, er med i trekninga av flotte Falkeidgenserar! Les meir under
Mikael Benjamin Myklebust
06.11.2017 Signert FKH-drakt går til...
FKH-dugnaden utgjer ei solid inntektskjelde for Falkeid IL, og det er takka vere at dei som vert sett opp på dugnaden, stiller opp. Dette utgjer noko av grunnlaget for at det kostar 100,- å vere med i FIL fram til du er 6 år, 300,- frå 7 til 12, og 500,- for 13-16åringane. Det er ingen klubbar i vårt distrikt som kan matche dette, langt derifrå! FKH, på si side, er strålande nøgde med jobben de gjer for dei på heimekampane deira, og ønskjer å takke alle som stiller opp for dei! Vinnaren av dagens signerte FKH-drakt er...
Mikael Benjamin Myklebust
06.11.2017 Julebasar laurdag 2 desember
Juleverkstad-damene syr, strikkar og står på annakvar torsdag, og det har dei gjort sidan påske. Alle fotballag frå 7-12 år har solgt (og nokre sel fortsatt) lodd til basaren. Nissen har bestilt reinsdyrtransport frå Nordpolen. Dette betyr at alt snart ligg til rette for årets Julebasar! Vel møtt, på klubbhuset laurdag 2 desember frå 12-15.30. Komplett program finn du under, helsing Nissen og Sparealven Sølve frå Haugesund Sparebank.
Mikael Benjamin Myklebust
06.11.2017 Allidretten- godt i gang!
Det har vert ein super sesongstart for allidretten! Ungar og trenerar såg ut til å storkose seg og var godt nøgde. 45 ungar deltok, dei er jamt fordelt på dei to gruppene. Den fyrste gruppa leika stiv heks, danseleiken, små spionar og ein engasjert ballstafett (foreldra høyrde heiaropa heilt ut på gangen), før dei avslutta med yoga og avslapningsøvingar. Siste gruppe leika òg stiv heks og deretter spela dei hjørnefotball og kanonball og leika raudt lys. Sjå fleire bilete på facebooksida til Falkeid IL. Lillian Bakke er ny leiar for allidretten, og har gjort ein kjempejobb så langt!
Mikael Benjamin Myklebust
03.11.2017 Falkeid satser på Damefotball!
Falkeid IL er en av ytterst få klubber på Haugalandet som har hatt lag i alle disse årsklassene: J13, J14, J16, junior dame og senior dame 3 div. Vi ønsker å bygge vidare på jente/damesatsingen med å ansette Arne Breivik som hovedtrener og spillende assistenttrener Tomine T. Vikre.
Mikael Benjamin Myklebust
19.10.2017 Vinnaren av signert FKH-drakt er...
Når du trykker deg inn på denne nyheitssaken for å sjå om du vann signert FKH-drakt, står det eit utdrag frå Klubbhandboka vår. Det er eit avsnitt om dugnad, kvifor vi har dugnad, kva som er forventa av dykk som medlemmar og kva som skjer dersom du ikkje møter på dugnaden vi ber deg om. Midt inni dette skrivet ein plass, står namnet på dagens vinnar av signert FKH-drakt! Det skal lønne seg å bidra!
Mikael Benjamin Myklebust
19.10.2017 Pangstart på Falkeid FFO!
I går rulla Falkeid FFO i gang igjen, og vi er godt nøgde med at heile 27 deltakarar møtte på første trening! Det heile starta med at Kompisreglar vart gått gjennom, dette er noko vi kjem til å følge opp på kvar økt framover hausten, slik at alle skal ha ei god sportsleg og mellommenneskelig utvikling. I haust har vi heva nivået, med å få inn ein svært rutinert trenar på feltet, og auka voksentettheita på frukt- og leksetilbodet. Sjå fleire bileter og les meir om tilbodet under.
Mikael Benjamin Myklebust
17.10.2017 Uforpliktande prøvetrening på Falkeid FFO!
I morgon, onsdag, klokka 13.15 rullar Falkeid FFO igang igjen. Det er meldt strålande sol, og vi opnar ballet med prøvespel for alle som ønskjer! Møt opp utan forvarsel til ei uforpliktande trening, og finn ut om Falkeid FFO kan vere noko for deg! Målgruppa er 4 til 10 klassingar. Trenarteamet består av John Flengstad og Eirik Baugstø. Det er gratis Falkeidluer til alle som kjem på trening i morgon! Vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
16.10.2017 Konkurranse!
Det er tid for konkurranse! Denne konkurransen har pågått heile sesongen, utan at du har vist om at du at du var med... Konkurransen går ut på å sende inn dine 2-3 beste Falkeidbileter med høg oppløysing (ingen mobilbileter). Tema: Spelar(ar) i aksjon. Dei som er med på bileta, må skriftleg ha godkjent at bileta vert sendt inn (dette skal lagleiarar ha kontroll på). Bileta sendast til post@falkeid-idrettslag.no innan 6 november. Dei som sender inn dei beste bileta (2-3 personar), får regnjakka frå klubbkolleksjonen vår.
Mikael Benjamin Myklebust
13.10.2017 Tysvær skytterlag har flytta inn
Tysvær Skytterlag starta denne veke opp med trening inne i skyterommet i klubbhuset vårt. Dei trenar der kvar tysdag framover vinteren, frå klokka 17.30 til ca. 18.30. Ta kontakt med leiar Åge Malvin Heskja på 480 17 953 om du har spørsmål, eller ønskjer å vere med.
Mikael Benjamin Myklebust
11.10.2017 Vinnarane er.....
Takka vere gode samarbeidspartnerar, byrjar klubbhuset verkelig å ta form. Svaret på konkurransen vår på Facebook, er at den nye dommargarderoba i kjellaren er renovert av Risanger & Sønn AS som har lagt golvet, Karsten Bjelland som har gjeve oss dusjen og sett opp denne, og Saga Bygg som har gjeve oss golvbelegget og mykje anna naudsynt materiell det siste året. Vinnaren av gåvekortet på 2 retters middag for 2 personar på Brasserie Brakstad og Falkeidluer er...
Mikael Benjamin Myklebust
06.10.2017 Konkurranse!
Det er tid for konkurranse, les vilkåra og spørsmåla ved å trykke deg inn i nyheitssaken! Vinnaren vert trekt førstkommande måndag, og vil få eit gåvekort på 2 retters middag for 2 personar på Brasserie Brakstad, eg legg også med 5 trøstepremiar, som er Falkeidluer.
Mikael Benjamin Myklebust Fotball
30.09.2017 Meny Aksdal Løpet - vel blåst!
Meny Aksdal Løpet er sin visjon tro: som du er og for alle! Det fekk vi eit prakteksemplar med nyvinninga rullatorløp, som gjekk i samarbeid med Tysvær Kommune, dei rulla (bokstaveleg talt) ut i løypa, kort tid før toppidrettsutøvarar med erfaring frå OL tok fatt på sitt løp. Trass regnvær og vind, møtte 113 barn og 156 vaksne til start på Lars Hertvigsplass, då Falkeid IL i dag arrangerte løp i Aksdal for fjerde året på rad. Takk til frivillige, takk til samarbeidspartnerar og takk til deltakarar. Under ligg lenker til Tysvær Bygdeblad sine bileter frå dagen!
Mikael Benjamin Myklebust
27.09.2017 Urige Buta har meld seg på, har du?
Urige Buta skal for tredje gang vere med på Meny Aksdal Løpet, dei to første åra, vann han løpet og kan seiast å vere storfavoritt til laurdagens løp. For å delta på løpet Falkeid IL arrangerer i Aksdal, treng du korkje å ha delteke i OL, VM eller å sikra deg 16 medaljar i NM, slik som Buta. Men du kan stille nett som du er, fordi målsetjinga til Meny Aksdal Løpet er: som du er og for alle! Trykk deg inn på lenka under for å melde deg på!
Mikael Benjamin Myklebust
26.09.2017 Falkeid FFO
Falkeid FFO fortsett, planlagt oppstart er onsdag 18 oktober. Dette er eit tilbod for alle frå 4 klasse til og med 10 klasse. Det er fotballtrening kvar onsdag frå 13.15 til 14.45, deretter frukt og lekser fram til 15.45. For påmelding, send mail til Silje Gismarvik på siljegis@gmail.com. Påmeldingsfrist er onsdag 11 oktober. Meir informasjon kjem etterkvart.
Mikael Benjamin Myklebust
26.09.2017 Og vinnaren er....
Vinnarane er alle medlemmane i Falkeid IL, fordi vi kan tilby fritidsaktivitetar til barn og unge for berre 100 kr. opp tom. 6 år, og 300 kr opp tom.12 år. Dette gjer at vi kan innfri vår visjon med å "vere eit idrettslag for alle som ønsker det". Til samanlikning, kostar det 2000 kroner for å spele fotball i eit av dei største byklubbane i Haugesund. Då dette mange i frå grunna manglande betalingsevne, og kva med aktivitet nr. 2? Tilbake til saken. Vinnaren av dagens signerte FKH-drakt, er ein som ikkje ein gang er medlem i Falkeid IL, hmm... Korleis går det ann? Les svaret under...
Mikael Benjamin Myklebust
25.09.2017 Trenar- og lagleiarmøte på onsdag!
Velkommen til trenar- og lagleiarmøte førstkommande onsdag 27 september frå klokka 20.00 i Storsalen. Agendaen får du opp ved å trykkje deg inn i nyheittsaken. Det vert servert noko å bite i, samt nokre dråpar å leske seg på. Vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
15.09.2017 Bli Grasrotgivar!
Slik blir du grasrotgivar (vel ein av framgangsmåtane): - Send SMS «Grasrotandelen 977544459» til 2020. - Registrer deg via din bruker hos Norsk Tipping, søk opp Falkeid IL på organisasjonsnummer. - Gi beskjed til kommisjonæren der du tippar, så ordnar dei dette når du oppgir organisasjonsnummeret til Falkeid IL. Les meir under!
Mikael Benjamin Myklebust
12.09.2017 Falkeid IL- på dagtid!
Det er langt frå dødt på klubbhuset ein vanleg tysdag i september! Pensjonistane er som vanleg ute med bocciakulene sine etter å ha diskutert valet kring ei wienerstang og ein kaffikopp. Når det kjem til sjølve aktiviteten, ryktast det at Sigurdson er ein ræser i boccia, men snittet vert betre og betre, samt at latteren sit laust, og det sistnemde kan vel seiast å vere det viktigaste for vår herlige bocciagjeng. Inne, jobbar vår flittige Øyvind med maling av den eine garderoba i kjellaren (bilete er arkivfoto), og på kontoret sit underteikna bak tastaturet og skjermane. Oppe, er helgas leigetakarar TKKK godt i gang med matforberedelsane til helgas NM lagbåt/NC-6. Vi ønskjer vår gode nabo masse lykke til med arrangementet!
Mikael Benjamin Myklebust
06.09.2017 Påmeldinga til Meny Aksdal Løpet er i gang!
Laurdag 30 september går startskotet til Meny Aksdal Løpet som Falkeid IL arrangerer i samarbeid med Meny Aksdal, Haugesund Sparebank, Steinsvik AS og fleire. Løpet for vaksne er 7 km langt, og for barn (0-12 år) er det 3 lengder å velje mellom, 500 meter, 1000 meter eller 2000 meter. Målsettinga for løpet er "Som du er og for alle". Så no gjenstår det berre for deg å melde seg på!
Mikael Benjamin Myklebust
05.09.2017 2 gangsbehandling av reguleringsplan for Troppene
Torsdag 7 september skal 2. gangsbehandling av reguleringsplan for Troppene opp som sak i Teknisk utval. Innkallinga til møtet med alle saksdokumenta finn du i lenka under. Vi håpar og trur at den langsiktige reguleringsplanen for Troppene vert vedteke. Dette vil verte eit stort løft for både Falkeid IL og TKKK.
Mikael Benjamin Myklebust
05.09.2017 Lederkurs for ungdom!
Falkeid IL ønskjer å utdanne framtidas idrettsleiarar! Kurset gir deltagerne de verktøy og den kompetansen de trenger for å løse ulike oppgaver og være en ressursperson (for eksempel som styremedlem) i idrettslaget. Falkeid IL betaler for alle deltakarar i målgruppa, som er alle i alderen 15 - 19 år.
Mikael Benjamin Myklebust
31.08.2017 Kan DU bidra på Falkeid FFO?
Hausten 2017 fekk vi omsider dratt i gang Falkeid FFO, og vart umiddelbart 50 deltakarar. Utsiktene for hausten og vinteren som kjem, er at vi manglar folk som kan bidra på onsdagane, og vi kan derfor ikkje tilby FFO! Dette er forferdelig synd, då det var såpass mange deltakarar, og fornøgde deltakarar. Meeen, vi kan vi fortsatt få det til, dersom 4 personar melder seg til å bidra ein onsdag i månaden fram til jul! Gi beskjed til Silje på siljegis@gmail.com. Svarfrist 14 september. Les meir under...
Mikael Benjamin Myklebust
29.08.2017 Oppdatert dommeroppsett mm.
Her er oppdater dommeroppsett, telefonnummer til dommarane og dommarskjema/rekning. Trykk på linken under for å få opp alt saman! Dette finn du på nettsida vår under Idrettar> Fotballdommer
Mikael Benjamin Myklebust
27.08.2017 Haugesunds Avis Barneritt
I strålande solskin tok Falkeid IL i dag mot 323 barn frå 2 til 12 år i den femte utgåva av Haugesunds Avis Barneritt var der intet mindre enn 5 ulike trasear å velje mellom, noko som skulle gje alle ei passe utfording etter målsetjinga til rittet «som du er og for alle»! Takk til alle deltakarar, frivillige, publikum, sponsorar og andre involvert! Les meir under..
Mikael Benjamin Myklebust
24.08.2017 Vaktlister - Steinsvikrittet 2017!
Ved å trykke deg inn på denne nyheittsaka får du opp lista med kva oppgåver alle i løypevaktgjengen har, kvar du skal stå og kva du skal gjere på laurdagens Steinsvikritt. ALLE som skal vere løypevakter på laurdag, skal møte opp på Troppene i morgon, fredag, for å få utdelt naudsynt utstyr og for å motta informasjon om tildelt vaktpost. Andre som har dugnadsjobbar (parkering, mat/drikke/start/mål, kiosk osv) vil få eigen informasjon
Mikael Benjamin Myklebust
04.08.2017 Norway Cup- ei lita oppsummering
Falkeid er i år på Norway Cup med heile 8 lag, derav samarbeidslaget Falkeid/Kolnes J17. Dei fleste av dykk har nok halde dykk oppdaterte på Facebook, i Tysvær Bygdeblad og på andre medier. For dei som ikkje er på Facebook, eller for dei som vil sjå attende på minnerike dagar på Ekebergsletta, kjem det her ei lita samling med lenker til gladsakene om Falkeid IL frå bygdabladet og fleire andre medier, samt lagbilete av alle laga våre.
Mikael Benjamin Myklebust
10.07.2017 Norway Cup 2017
Revidert kampoppsett 19/7, for Falkeid lagene i Norway Cup 2017 finnes her. Her finner du i vedlegg også info om reise, opphold, reglement osv..
Asbjørn Bakken
08.07.2017 Optimera - ny Bronsefalk!
Takk være vår nye Bronsefalk, Optimera, vil vi frå og med 2018 kunne dresse opp samtlige spelarar (fotball og handball) frå 13-19 i nye kvite Optimera-shortsar! Dette er vi svært nøgde med, og vi er stolte over å få til eit vidare samarbeid med Optimera som i mange år har vert med og fortsatt er med i vårt storslåtte sykkelritt Steinsvikrittet. Les intervjuet med salgssjef Jarle Holden under...
Mikael Benjamin Myklebust
07.07.2017 Bronsefalk-Murerfirma Tor Gismarvik!
Murerfirma Tor Gismarvik er på veg opp og fram i Falkeid IL! Murerfirmaet som har spesialist på mellom anna restaurering av gamle piper, er no Bronsefalk i vårt sponsorhierarki, og vi ønskjer dei hjarleleg velkommen. Les kvifor dei ønskjer å støtte det frivillige arbeidet i Falkeid IL under. Dei vil no verte å sjå på baksida av Herrelags-shortsane, samt på Trenarjakkene.
Mikael Benjamin Myklebust
05.07.2017 Meld deg på Steinsvikrittet!
Bli med på Nordens svar på Paris-Roubaix! Laurdag 26 august går starskotet, les alt om påmelding og mykje meir på steinvikrittet.no og følg Falkeid IL og Steinsvikrittet sine Facebook-sider for å få med deg siste nytt om den splitter nye traseen i året rundløype.
Mikael Benjamin Myklebust
05.07.2017 Falkeidposten!
Falkeidposten er idrettslaget si eiga avis, med ei eksklusiv utgåve kvart halvår. Avisa samafattar den sportslege aktiviteten det siste halve året, samt i korte trekk kva som skjer framover. Ønskjer med dette alle samarbeidspartnerar og medlemmer ein framifrå sumar!
Mikael Benjamin Myklebust
29.06.2017 Uten mat og drikke, duger helten ikke!
Det er lite tvil om at det er samaheng mellom høg aktivitet og enorm appetitt, heldigvis, har vår gode samarbeidspartner Romseland og Kvam Oljeservice spandert maten på dei 44 aktive deltakarane på Stoke Fotballskule!
Mikael Benjamin Myklebust
29.06.2017 Lærerikt trenarseminar!
Med godt utdanna folk som jobbar som fotballtrenarar og talentspeidarar på heiltid i Stoke City sitt fotballakademi, så såg vi vårt snitt til å invitere Falkeid-, Bokn- og Førlands-trenarar på trenarseminar. Først var det ei praktisk økt ute, deretter var det pizza og ein presentasjon om korleis Stoke City heng saman frå 5 åringar og heilt opp til A-laget i Premier League. Vidare, var det spennande å høyre om den knallharde konkurransen mellom Premier League laga om å sikre seg og fange opp unge talent.
Mikael Benjamin Myklebust
29.06.2017 Stortrivast på Melkevik Camping!
Stoke-trenarane Duncan, Jack og Cameron stortrives i hytta på Melkevik Camping. Der har dei alt dei treng, og dei lyser opp når dei fortell om utsikten. Dei vert buande på campingen fram til returen til England på sundag.
Mikael Benjamin Myklebust
27.06.2017 Bli kjent med Stoke-trenarane!
Måndag kveld tok vi med oss Stoke-trenarane Duncan, Jack og Cameron ut på 2 retters middag på Big Horn Steak House på Saga Bygg si rekning. Vi i Falkeid er både nøgde og stolte over å kunne tilby ein fotballskule med høg kvalitet i samarbeid med Premier League-klubben Stoke City. Gode og mette, ønska trenarane å takke vår rause General Saga Bygg for eit herleg måltid. Les meir om kvar og ein av trenarane under.
Mikael Benjamin Myklebust
22.06.2017 Trenarseminar med Stoke City!
Onsdag 28 juni inviterer vi til Trenarseminar på Troppene frå klokka 18 til 21. Set av kvelden og ta på trenarjakka, det kjem til å bli ein lærerik og sosial kveld med dei tre trenarane frå Stoke City sitt fotballakademi! Trenarar, lagleiarar og andre interesserte er hjereleg velkommen. I tillegg til medlemmer i FIL, er trenarar frå Bokn IL og Førland IL også velkomne! Ingen påmelding, vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
22.06.2017 Velkommen til Stoke Fotballskule!
Alt er klappa og klart til Stoke Fotballskule i regi av Falkeid IL. Førstkommande måndag er dei tre Stoke-trenarane klare for å ta imot våre 43 påmeldte deltakarar frå Bokn, Førland, Stegaberg og Falkeid. Takk til Mecan, Saga Bygg, Romseland og Kvam Oljeservice, Askeland Eiendomsutvikling og Melkevik Camping som gjer det mogelig for oss å få til ein fotballskule med godt skolerte fotballtrenarar frå akademiet til Stoke City! Les meir under..
Mikael Benjamin Myklebust
19.06.2017 Sumaravslutting på FFO!
Førre onsdag var det siste økt med Falkeid FFO før sumaren. Etter treningsøkta, vart det teke lagbilete med dei dyktige trenarane Eirik Baugstø og Arne Bjordal, og Elin Gismarvik diska opp med pizzahorn, frukt, juice og is. Dette vart godt motteke på den varme sumardagen her på Troppene!
Mikael Benjamin Myklebust
08.06.2017 Nytt kontor frå Saga Bygg!
Vår generalpartner Saga Bygg er gull verdt, spesielt når vi no renoverer klubbhuset. Her på kontoret har dei levert maling, golvbelegg og lim, for å nemne noko. I tillegg, låner dei villig vekk utstyr til å få jobben gjort av vår dyktige vaktmester Øyvind. Material til utbetring av innbyttarskur er også på veg og snart kjem dei med ei pantebod. Makan til serviceinnstilt og raus samarbeidspartner som Saga Bygg skal man leite lenge etter!
Mikael Benjamin Myklebust
06.06.2017 Is til overs!
Det vart ikkje skikkelig is-vær på årets Kårstø Cup. Med dette, sit vi att med litt is... Dette ønskjer vi å selge til innkjøpspris til betalande medlemmer i Falkeid IL. Det er førstemann til mølla.. Betaling skjer via bankterminal eller Vipps ved kjøp av isen på klubbhuset i dagleg leiar si kontortid. Kontortida mi finn du på framsida av nettsida vår. Prisar pr kartong ser du under..
Mikael Benjamin Myklebust
05.06.2017 Pinsehelg = handballhelg på Stord Handballfestival.
Handballfestivalen i regi av Stord handball er stor - 403 lag med nærare 4000 ungar frå heile Sør- Norge der også Falkeid IL J14 deltok.
Gro Sørensen
04.06.2017 Kårstø Cup, vel blåst!
Heile 93 nøgde lag har vert på besøk i Tysværvåg i dag, og våre unge og lovande dommarar har blese i gang heile 190 kampar. Alle spelarar har fått pokal, og fire lag som utmerka seg med gode haldningar vart kåra til Kompislag og med dette fekk dei t-skjorter med påskrifta «Årets Kompis 2017». Våre driftige frivillige har gjort ein framifrå jobb fram mot denne dagen og på sjølve dagen. Til saman har 90 frivillige jobba dugnad for å få arrangementet i hamn på ein god måte. Tusen takk til alle frivillige og alle besøkande! Fleire bileter frå dagen finn du på facebooksida vår.
Mikael Benjamin Myklebust
30.05.2017 Velkommen til Kårstø Cup sundag 4 juni!
Førstkommande sundag, bles våre unge lovande dommarar i gang heile 14 kampar samstundes klokka 08.30, og vil halde dette gåande til siste ballberøring klokka 16.00. Det er heile 93 lag påmeldt! Alle lag skal spele minimum 3 kampar, noko som gjer at heile 150 kampar skal avviklast på Troppene denne dagen. Ved ankomst, må alle deltakarlag ved lagleiar eller trenar, melde seg i sekreteriatet. Under finn du informasjon om Kampoppsett, banekart, parkering, turneringsreglement og betaling med Vipps i våre tre kioskar.
Mikael Benjamin Myklebust
23.05.2017 Dugnadsliste til Kårstø Cup
Det nærmar seg Kårstø Cup som er sundag 4 juni. Under her, finn du arbeidsfordelinga slik at alle endar kan møtast. Når alle bidreg med sitt, vert børa mindre å bære for dei som kooridnerar det heile. Takk for at du stiller opp!
Mikael Benjamin Myklebust
23.05.2017 VippsGO
VippsGO er ei heilt ny løsing fra Vipps, som i skrivande stund vert oppretta i Falkeid IL og skal vere klart i kioskane våre under Kårstø Cup, løysinga skal også verte nytta til egenandelar og mykje meir i tida framover. Vipps Go gjer at du som kunde bestiller og betalar før du kjem til kassa. Vår generalpartner Haugesund Sparebank opptrer som en agent for DNB inntil Vipps er opprettet som eget selskapformidlar av denne løysinga. Les meir under...
Mikael Benjamin Myklebust
20.05.2017 Norway Cup 2017
Foreløpig puljeoppsett viser flere spennende motstandere for våre lag.
Asbjørn Bakken
18.05.2017 Stoke fotballakademi til Troppene, meld deg på her!
Stoke City sitt fotballakademi kjem til Falkeid IL (ved minimum 35 deltakarar) for å arrangere fotballskule i veke 26. Tilbodet er for alle frå 8 år til og med 16 år. Det kostar 1500 kroner, dette inkluderer 5 dagar med fotballskule og frukt kvar dag. Treningane varer frå 09.00-13.30. Oppmodar alle som ønskjer å vere med, om å melde seg på raskast mogelig, slik at dette vert noko av. Påmelding skjer ved å sende mail til Silje innen 1 juni, siljegis@gmail.com. Meir detaljer kjem seinare.
Mikael Benjamin Myklebust
09.05.2017 Falkeid Aktivitetsfond
Les om Falkeid Aktivitetsfond på nettsida vår under Organisasjon> Falkeid Aktivitetsfond.
Mikael Benjamin Myklebust
08.05.2017 Handballfesten blir holdt mandag 15. mai 2017
Handballfest som markerar avslutning av sesongen 2016/2017 blir holdt måndag 15. mai 2017 kl. 18.00 på Falkeid IL sitt klubbhus, i storsalen.
Gro Sørensen
03.05.2017 Jenteforum hjå FKH tysdag 9 mai
Tysdag 9 mai held NFF Rogaland Jenteforum hjå vår gode samarbeidspartner FK Haugesund. Samling er for trenarar og lagleiarar kring jentelaga våre, og er frå klokka 17.30 til klokka 20.00. Les meir om samlinga ved å trykke på lenka under...
Mikael Benjamin Myklebust
30.04.2017 Tysvær håndballcup - info før dagen.
Velkommen alle til cupdagen 1. mai. Kampoppsettet følger vedlagt. Vi ønsker alle velkommen til en dag med stor aktivitet og idrettsglede.
Gro Sørensen
28.04.2017 40 år og hundrevis av kamper
For nokså nøyaktig 40 år siden startet A-lags fotballen å rulle i Falkeid. Det har det vært tap og vinn, nesten med samme sinn...
Asbjørn Bakken
25.04.2017 Velkommen til Kompiskveld for 10 og 11 åringer!
Velkommen til Kompis kveld for 10 og 11 åringer. Vi møtes på klubbhuset mandag 29 mai kl 18. Les meir detaljar om kvelden under...
Mikael Benjamin Myklebust
25.04.2017 Trener og oppmannsmøte i håndballgruppa.
Torsdag 27. april 2017 blir det møte for trenere og oppmenn for håndball laga kl. 19.30 i kiosken, Falkeid klubbhus.
Gro Sørensen Håndball
24.04.2017 Dommeroppsett, kamper uten oppsatt dommer fra kretsen
Klubbdommeroppsett
Asbjørn Bakken
19.04.2017 Historisk kamp for damelaget!
Falkeid IL sitt damelag anno 2017 ble i går historiske med sin debut i 3.divisjon mot Djerv 1919. Sist gang Falkeid IL hadde ett damelag var i 1991/1992.
Olav Askeland
11.04.2017 Årets påskeegg- Haugaland Kraft er med vidare!
I årets påskeegg, ligg der ei nysignert samarbeidsavtale mellom Haugaland Kraft og Falkeid IL. Haugaland Kraft har i lang tid vert ein bidragsytar i idrettslaget, no har dei teke steget opp til "Bronsefalk" for dei neste tre åra. Gode samarbeidspartnerar som Haugaland Kraft, er ein av grunnane til vår sunne økonomi. Noko av grunnen til at dei ønskjer å vere med, er alle våre dyktige frivillige som er i sving kvar dag. Med dette, ønskjer vi å klappe alle våre frivillige på skuldra, de gjer ein framifrå jobb! Under, kan du lese intervjuet med Gunn Margareth frå Haugaland Kraft...
Mikael Benjamin Myklebust
03.04.2017 Treningsavgift Fotball og Innebandy 2017
Treningsavgifta for Fotball og Innebandy for 2017, er no utfakturert. Denne har gått ut til ALLE som står registrert som spelar på eit (eller fleire) lag frå 13 år, og opp til Damelag og Herrelag. Spelar du på eit lag, men har ikkje fått faktura? Ta kontakt på post@falkeid-idrettslag.no. Les meir under...
Mikael Benjamin Myklebust
03.04.2017 Hugs dommarkurset på onsdag!
Som det står i Klubbhandboka vår, så skal alle 13-åringar i Falkeid IL gjennom eit dommarkurs. Dette gjer vi for at alle skal få ei innføring i kva det vil seie å vere dommar, og for å rekruttert nye dommarar i Falkeid IL. Dommarane vi allereie har, samt andre som ønskjer å ta dommerkurs, er hjertelig velkommen! Førland IL og Bokn IL er invitert til å komme med sine unge lovande dommarspirar. Kurset vert holdt på Troppene frå 18.00 - 20.30. Vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
01.04.2017 Torbjørn Agdestein - speleklar for Falkeid!
Etter mange turar til Telemark med knallharde forhandlingar, er fjorårets FKH-toppscorar Torbjørn Agdestein speleklar for Falkeid IL i 6 divisjon. Agdestein har mykje bra med seg i bagasjen etter eit kort men lærerikt opphald i Telemarksklubben Odd. Agdestein uttaler at heimlengselen vart uuthaldeleg. Vi ønskjer med dette Torbjørn Agdestein hjarteleg velkommen til Falkeid IL!
Mikael Benjamin Myklebust
30.03.2017 Medlemskontingent 2017
I skrivande stund, utfakturerast Medlemskontingent 2017 til ALLE medlemmer i Falkeid IL (spelarar, trenarar, lagleiarar, alle med styreverv, støttemedlemmer og fleire). Er du medlem, men har ikkje motteke fakturaen? Ta kontakt på post@falkeid-idrettslag.no. For meir informasjon, les under...
Mikael Benjamin Myklebust
29.03.2017 Gratis Pensjonsseminar hos Haugesund Sparebank
Ønsker du å vite mer om din pensjon? Vår General Haugesund Sparebank ivnitertar til seminar i dag 29 mars, vel møtt! Møt opp i Haugesund Sparebank si kantine klokka 19:00- 20:30.
Mikael Benjamin Myklebust
29.03.2017 Sølvfalk - Askeland Eiendomsutvikling AS
Det er er meg ei stor glede å kunngjere at Askeland Eiendomsutvikling i førre veke forlenga samarbeidsavtala med Falkeid IL, no er det med som Sølvfalk! Verksemda er ein stor og viktig aktør i utviklinga av vårt nærområde, og vi er stolte av å spele på lag med dei. Eg tok meg ein prat med prosjektleiar Olav Askeland for å få vete litt om kvifor dei ønskjer å vere med i Falkeid IL, les om dette under...
Mikael Benjamin Myklebust
27.03.2017 Tysvær Håndballcup- påmeldinga er i gang!
Falkeid IL, Skjold IL og Stegaberg IL har gleden av å invitere til Tysvær Håndballcup mandag 1. mai 2017. Dette er en turnering for jenter og gutter i alderen 8 til 13 år. Kampene spilles i Sysco Arena og i Skjoldhallen. Påmeldingsfrist 10 april!
Mikael Benjamin Myklebust
22.03.2017 Årsmøte avholdt
Årsmøtet i Falkeid IL er avholdt. Nokon takka av, nye medlemmer kom inn.
Mikael Benjamin Myklebust
17.03.2017 Manglar styreleiar og fotballstyreleiar
For at Falkeid IL skal kunne oppretthalde eit godt aktivitetstilbod til ditt barn og alle andre i Tysværvåg og omliggjande bygder, så treng vi foreldre som bidreg! Årsmøtet er neste veke, og pr. no, så ligg vi ann til å mangle nokre av dei viktigaste verva i klubben: Styreleiar i Hovudstyret og Leiar i Fotballstyret. Kontakt gjerne det sitjande styra for å få vete kva desse styreverva inneber!
Mikael Benjamin Myklebust
16.03.2017 Dugnad 2017
I 2016 jobba Falkeid IL sine medlemmer inn 360 000 kroner på reint dugnadsarbeid, dette er med andre ord den tredje største einskildinntekta til idrettslaget. Dette er hovudgrunnen til at nettopp Falkeid IL kan ha den lågaste medlemskontingenten på Haugalandet! For at suksessen skal gjenta seg, er vi avhengige av at alle bidreg, også i 2017. No er dugnadsårshjulet for 2017 klart, og grupper og einskildlag er sett opp med sine oppgåver. Når alle bidreg med sitt, vert dette knakande bra! Sjekk ut kva ditt lag/ di gruppe skal bidra med i 2017 under...
Mikael Benjamin Myklebust
08.03.2017 Årsmøte 22 mars
Kallar med dette inn alle medlemmer til årsmøte i Falkeid IL onsdag den 22 mars, klokka 19.00 på idrettshuset på Troppene. Vedlagt ligg sakslista med saksdokumenter. Ønskjer du å sjå Revidert regnskap frå 2016 og Budsjett 2017, ta kontakt på post@falkeid-idrettslag.no
Mikael Benjamin Myklebust
22.02.2017 Informasjonsmøte om Idrettshall
Onsdag 22 mars, klokka 18-19 skal Hallkomiteen halde informasjonsmøte om idrettshallen som skal byggjast her på Troppene! Alle som ønskjer er hjertelig velkomne, medlemmer, bygdefolk og andre interesserte. Vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
21.02.2017 Innkalling til Årsmøte
Det inkallast herved til årsmøte i Falkeid Idrettslag Onsdag den 22 mars klokka 19.00 på Idrettshuset på Troppene. Vedlagt ligg agendaen for årsmøtet, saksdokumenta vil verte lagt ut her innen 8 mars. Frist for innsending av saker og forslag, er 6 mars, eventuelle saker sendes til post@falkeid-idrettslag.no
Mikael Benjamin Myklebust
19.01.2017 Br. Haukås Mek. Verksted forlenga avtala!
Det er meg ei stor glede å meddele at vår gode samarbeidspartner Br. Haukås Mekaniske Verksted vil vere med vidare som Partner. Dei ser at vi har mange dyktige i sving for å kunne tilby barn og unge eit godt aktivitetstilbod. All honnør til alle som stiller opp både på treningsfeltet og i styrer og verv, saman driftar og vidareutviklar de tilbodet i den levande bygda vår! Les intervjuet med Kari Lise frå Brødrene Haukås under...
Mikael Benjamin Myklebust
18.01.2017 ALAG-1 Sesongen 2017 i gang fo A-lag herrer
A-laget trener foreløpig mandager og torsdager kl 20.00-21.30 Nye spillere ønskes velkommen. Foreløpig kampoppsett for seriesesongen 2017 vedlagt her
Asbjørn Bakken
10.01.2017 VEIDEKKE er med vidare!
Veidekke Entreprenør AS forlenga denne veka si avtale med Falkeid IL, fram til og med 2018 er dei med som Partner. Eg tok meg ein prat med avdelingsleiar Bjørnar Måleng for å høyre kva som er deira motivasjon for å støtte oss og den fantastiske jobben alle våre frivillige legg ned for idrettstilbodet i bygda. Veidekke vil fortsatt vere godt synlege på blant anna treningsgensaren i klubbkolleksjonen og med skilt ved grasbana.
Mikael Benjamin Myklebust
06.01.2017 Innebandy
Innebandygruppa i Falkeid idrettslag har treningstider tysdag kl. 20:00 i gymsalen på Tysværvåg skule. Etter avtale har me også treningstid torsdag kl. 20:00.
Stein Magnar Askeland-Gjerde
05.01.2017 Murerfirma Tor Gismarvik med vidare!
Det er meg ei stor glede å kunngjere at vår gode partner Murerfirma Tor Gismarvik er med vidare som Partner. Dei skal fortsatt profilerast med skilt på idrettsanlegget og i 2017 vil dei verte godt synlege på trenarjakkene i vår nye klubbkolleksjon. Murerfirmaet har vert med som sponsor i Falkeid IL sidan 2009. Treng du murar? Kontakt dei på 41 37 71 08 eller på mur.gismarvik@gmail.com
Mikael Benjamin Myklebust
05.01.2017 Eirik Baugstø på FALKEID FFO
Vardspelarane Eirik Baugstø (21 år) og Arne Bjordal (20 år) er no klare til å ta fatt på jobben som trenarar på Falkeid FFO, i tillegg til dette, så fortsett vår eigen damespelar Stine Askeland (19 år). Det var Kolbjørn "Kolla" Fosen (utviklingsavsvarleg i FKH) som anbefalte dei to tidlegare Djerv og FKH-spelarane. Tema og opplegget på Falkeid FFO i vinter/vår er også utvikla i samarbeid med FKH, temaet skal vere: Kjappe bein, tekniske øvingar og småspel/turneringar på småmål. Det er fortsatt råd å melde seg på!
Mikael Benjamin Myklebust
23.12.2016 ALAG-1 Avslutningskveld for A-laget
Fredag 16. desember avsluttet A-laget sesongen med Julemat på klubbhuset.
Asbjørn Bakken
22.12.2016 Klubbkolleksjonen for 2017 er klar!
Nytt av 2017, er at det er 2 kolleksjonar, Treningstøy og Representasjonstøy. Dette er for å ha meir å velge i, samt at foreldre og andre som ikkje nødvendigvis trenar i Falkeid IL, også kan ha noko å velje blant. Sjekk ut dei flotte nye kolleksjonane våre under. Og riktig god jul til alle saman! NB! Fargen på shortsane i oppsettet er blå, men dei skal vere kvite (dette vert retta på over jul).
Mikael Benjamin Myklebust
05.12.2016 Julebasaren
140 menneskjer fann vegen til Falkeid sin julebasar i helga. Dette er ein årleg tradisjon, og mange av strikkedamene som strikkar og syr gevinstar til denne basaren har vert med sidan 1992. Vi fekk i helga besøk av barnekoret Gledesspredaren, som levde opp til namnet med å spre glede hjå oss no i førjulstida. Elles så fekk vi besøk av ei småhissig pelskledd dame. Samt at Julenissen og hans gode hjelpar Sparealven Sølve delte ut mandariner og Haugesund Sparebanken-klistermerker. Takk til alle som har jobba fram mot denne basaren, og alle som bidrog denne helga, dykk bidrog til klingande mynt i klubbkassa!
Mikael Benjamin Myklebust
01.12.2016 Ildsjelprisen til Asbjørn Bakken!
Sparebankstiftelsen SR-bank hadde i kveld på seg spanderbuksene då dei generøst delte ut midlar til lag og foreiningar. I tillegg til dette, var det også utdeling av den gjevaste prisen, Ildsjelprisen. Som om ikkje dei utallige timane, dagane, ettermiddagane, kveldane og helgene Asbjørn legg ned for Falkeid IL, så fekk vi i kveld 25 000 kroner frå Sparebankstiftelsen SR-bank. Falkeid er utruleg heldige som har deg og ditt engasjement, Asbjørn! Vi set ufatteleg stor pris på jobben du gjer for at barn, unge og vaksne i Søre Tysvær har eit knakande godt idrettstilbod, samt alle tilreisande på dei store arrangementa våre.
Mikael Benjamin Myklebust
27.11.2016 Møbelringencup - reisebrev frå handballgruppa laurdag 26.11.2016
Laurdag 26. november reise i overkant av 50 handballutøverar med trener/oppmenn og sjåførar til Stavanger for å sjå handballkampar mellom noen av dei beste laga i verden og sjølvsagt for å sjå Norge sine handballjenter i aksjon.
Gro Sørensen
24.11.2016 Vinnaren er...
På fotballavsluttningane i førre veke, så skulle alle levere inn draktsetta sine. Som ei gulerot til lagleiarar som klarte å skrape saman komplette draktsett, låg der to FIL-jakker i "potten". Dei to namna som kom opp av hatten, er to damer, som er lagleiarar på kvart sitt gutelag. Denne jakka, er eit av mange nye plagg i vår nye klubbkolleksjon for 2017, kolleksjonen ferdigstillas i desse dagar og vil vert tilgjengelig for alle innan jul.
Mikael Benjamin Myklebust
24.11.2016 Julebasar laurdag 3 desember
Laurdag 3 desember er det Falkeid IL sin årlege Julebasar. Alle som kjem (og får lodd av vedkommande som ønskjer velkommen i døra) innan klokka 13.00, er med i trekninga av gåvekort på 2 rettes middag for 2 personar på Brasserie Brakstad. Elles vert det mykje fint handarbeid til utlodding og sal, og det vert åresal og basar. Det blir også kafé og FIL-butikk med tøy frå ny klubbkolleksjon. Alle er hjarteleg velkomne!
Mikael Benjamin Myklebust
22.11.2016 15 000,- frå Haugesund Sparebank
Vår generalpartner Haugesund Sparebank inviterer årlig til sponsortreff, her er alle lag og foreningar dei sponsar invitert, deriblant Falkeid IL. Kvart år veljer dei ut nokre lag som har profilert banken særskilt godt i året som har gått, og gjev dei ei ekstra påskjønning. Dette var i år oss, som fekk med oss ein gåvesjekk på 15 000 kroner! Vi er hjartans takksame for gåva frå vår generøse samarbeidspartner. Oppmodar alle medlemmer til å velje Haugesund Sparebank, fordi dei bidreg direkte til auka aktivitet for våre medlemmer!
Mikael Benjamin Myklebust
18.11.2016 ADM-2 Spinningstart
Spinningen har startet opp igjen. Alle som en kan delta. Hver onsdag kl 19-20.00
Asbjørn Bakken
15.11.2016 Basistrening
Vi i Falkeid vil også dette vinterhalvåret tilby basistrening. Treningen for den eldste gruppa starter allerede på onsdag 16.11. Treningen er et tilbud til alle som er medlem i klubben.
Mikael Benjamin Myklebust
15.11.2016 Fotballavslutning del 1
I går, måndag, var det fotballavslutning for dei yngste i Falkeid IL, seinare på kvelden var det G/J 13 og 14 sin tur. Trenarane delte ut diplomar og pokalar til spelarane, og vi delte ut spekemat frå Brødrene Lundal som takk til trenarar og lagleiarar. Vi fekk storfint besøk frå FKH, som stilte med Torbjørn Agdestein og Erling Flodve Myklebust. Vi fekk til og med lurt på neste års Odd-spelar ei Falkeid-drakt! Ellers, så var det loddsal, pølser og juice. Takk til våre gode samarbeidspartnerar for flotte premiar til loddtrekninga, takk til Karsten Bjelland, Haugesund Sparebank, Romseland og Kvam Oljeservice, Mecan, Murer Tor Gismarvik, Intersport og fleire.
Mikael Benjamin Myklebust

Kontonr. Falkeid IL:3240.09.60495 (Haugesund Sparebank)

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift